VIDAR YSTAD

Høgsterett har med avgjerdene sine skapt ein heilt ny rettstilstand i Noreg. Den er dramatisk annleis enn dei retningslinene ein samla Høgsterett drog opp i juni 2000.

Riksadvokaten har nå gjennom direktiv instruert statsadvokatane og politimeistrane i landet om korleis dei skal opptre med bakgrunn i Høgsterettsavgjerdene. Ikkje minst skaper det problem at Høgsterett ikkje har sagt noko om kva tid den nye rettstilstanden skal gjelde frå.

Erstatningskrav

Spørsmålet om Høgsterett sine avgjerder skal ha tilbakeverkande kraft, er nå fremja med full styrke sidan Høgsterett sjølv ikkje har sagt noko som avklarar temaet. Det er også varsla eit skred av gjenopptakingssaker og erstatningssaker frå dømde som hevdar å vere utsett for «ulovleg dobbelstraff og brot på menneskerettane».

Høgsterett har sjølv allereie fått spørsmålet i fanget etter at ein mann som Høgsterett i 1998 dømde til tre års fengsel for grovt skattesnyteri, nå har kravd å få saka gjenoppteken. Det er Høgsterett som må avgjere spørsmålet.

Riksadvokaten har nå kome til at «dei beste grunnar» talar for at rettsverknaden av plenumsavgjerdene frå 3. mai i år, må vere frå 1. juni i fjor. Men standpunktet er førebels — inntil Høgsterett sjølv avklarar situasjonen.

Drastiske tiltak

Som konsekvens av det nye standpunktet frå Høgsterett, har riksadvokaten bestemt at straffedommar i skatte- og avgiftssaker som er blitt rettskraftig etter 3. mai i år og som også omfattar tilleggsskatt, ikkje kan bli ståande.

Vedtekne førelegg må sendast til overordna påtalemakt med framlegg om at forelegga skal opphevast.

Fellande dommar må ankast til gunst for den domfelde med påstand om oppheving eller avvising.

I saker som verserer, vil eit endeleg vedtak om tilleggsskatt, hindre straffeforfylging.

Saker som er meld til politiet, under etterforsking eller på påtalestadiet, skal alle leggast vekk med grunngjevinga «henleggelse av andre lovbestemte grunner». Tiltalar som oversendt til retten eller som ikkje er forkynt, skal også trekkjast tilbake og sakene leggast vekk.

Stoppe domsskriving

I saker som er tekne opp til doms, og der dom ikkje ligg føre, må påtalemakta trekkje kravet om pådømming tilbake. Sakene skal leggast vekk med same grunngjeving som over.

Høgsterettsavgjerdene får også konsekvensar for gjennomføring av rettskraftige dommar, soning og inndriving av bøter.

Riksadvokaten har bestemt at i saker der det kom rettskraftige avgjerder i perioden 1. juni 2001- 3. mai 2002, skal iverksetjinga utsetjast dersom dei ikkje alt er sett i verk. Det gjeld både fengselsstraff og bøter. Personar som nå er inne til soning, kan søke om soningsavbrot. Dei kan også søke om stans i innkrevjing av bøter.

I eldre saker vil riksadvokaten førebels ikkje treffe nokon tiltak, men avvente kva Høgsterett kjem til. Dei personane dette gjeld, skal likevel orienterast skriftleg om riksadvokaten sine vurderingar.

Strengare straff

Styresmaktene arbeider nå på spreng med å finne løysingar og «reparere skadane» etter Høgsterett sine avgjerder.

— Mest praktisk vil det vere å velje eitt spor, anten starffeforfylging eller tilleggsskatt, seier ekspedisjonssjefen i Skattelovavdelinga i Finansdepartementet, Thorbjørn Gjølstad, til Bergens Tidende.

— Ein konsekvens av den nye rettstilstanden, vil vere at ein må vurdere straffeutmålingsnivået i lys av at vi får eit einspora system. Det kan bety at straffeutmålinga blir strengare enn praksis hittil. Til nå har bruk av tilleggsskatt blitt tillagd vekt og mildna straffereaksjonen. Slik blir det ikkje lenger, seier Gjølstad.

Dei nye retningslinene frå riksadvokaten gjeld skattesaker og merverdiavgiftssaker, men får også konsekvensar for saker etter tollova, overlastgebyr etter vegtrafikklova og forholdet mellom ilagt straff og etterfylgjande inndraging.

Riksadvokaten har nå bestemt at før det blir bestemt å innstille straffeforfylging ut frå argumentasjon om forbod mot dobbelstraff, skal spørsmålet drøftast med riksadvokaten.

Spørsmålet om inndraging av førarkort, som gjeld svært mange saker, kan også bli omfatta. Høgsterett skal behandle ei slik sak i september. Den er imøtesett med stor interesse.