Riksadvokaten er øvste sjef for påtalemakta med rett til å instruere underordna ledd, statsadvokatar og politimeistrar.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch er i dag ytterst skeptisk til ordninga med politimeistrar på åremål.

Utan debatt

I 1995 vart det opna i politilova for å tilsette politimeistrar på åremål. Det var ei rein fullmaktslov.

Det skjedde utan debatt og utan at nokon problematiserte åremål i forhold til å sikre påtalemakta si uavhengige stilling. Det har vore eit grunnleggande viktig prinsipp i Noreg.

Då Justiskomiteen slutta seg til ein slik opning, vart det samstundes lova ei utgreiing av spørsmålet frå Justisdepartementet.

Den kom aldri, og Justisdepartementet er i dag ikkje i stand til å svare på om noko vart gjort med spørsmålet trass i lovnadane i 1995.

I stortingsmeldinga om politireformen som vart presentert i januar i fjor, er det ein ytterst overflatisk gjennomgang av spørsmål knytt til åremål i politiet.

— Det har vore liten debatt om politimeisterstillingar på åremål. Eg kan ikkje hugse at spørsmålet har vore på høyring, seier riksadvokat Tor-Aksel Busch til Bergens Tidende.

Riksadvokaten kan i dag ikkje seie sikkert om riksadvokatembetet uttalte seg om utkastet til ny politilov i 1995. Han opplyser at journalsystemet er lagt om og at ein på grunn av feriefråver ikkje har greid å finne dokument som kan fastslå om ein uttala seg den gongen.

- Ropte kraftig varsko

— Det var uansett ei fullmaktslov, som rett nok opna for åremål. I dag vil eg seie at dersom vi uttalte oss om den lova i 1995, har vi ikkje ofra den paragrafen som gjeld åremål den merksemda som vi burde ha gjort, seier Busch.

Busch seier at han har vore oppteken av at påtalemakta skal vere uavhengig. Han seier at han difor gjekk klart imot ideen då Justisdepartementet lufta tanken om å innføre åremålsstilling for økokrimsjefen - etter at Anstein Gjengedal vart politimeister i Oslo.

— Eg ropte då kraftig varsko, seier Busch.

Ingen har til nå kome på tanken om å tilsette riksadvokat og statsadvokatar på åremål. Det ville vore ein torpedo mot den uavhengige stillinga dei skal ha.

I dag er 22 av dei 27 politimeistrane tilsett på åremål for ein periode på seks år. Heile 21 av desse har eit åremål som vil gå ut samstundes. Det er i seg sjølv uheldig. Berre politimeisteren i Oslo, Anstein Gjengedal, har eit åremål som avvik. Han vart tilsett i 2000.