Dette skjedde under det siste plenumsmøtet i Høgsterett under leiing av justitiarius Carsten Smith, fredag. Smith og alle dei 18 dommarane måtte berre ta imot.

Busch åtvara Høgsterett mot å sjå bort frå klart uttrykte oppfatningar frå Stortinget om kvar straffenivået i straffesaker bør ligge. Han gav uttrykk for at han er redd dette vil opne for at Stortinget vil innføre minimumsstraffer for fleire typar kriminalitet. Det meiner han ingen er tent med.

Svinga svøpa

Busch svinga svøpa over Høgsterett med desse orda: «Kan en levende rett, en levende domstol, se bort fra de vurderinger som kommer til uttrykk i Stortinget om det domstolsskapte straffenivå på forskjellige områder? Jeg tror ikke det. Det er all grunn til å berømme Høyesterett som ikke har latt seg influere og påvirke av populistiske lettvinte utspill. Det er meget viktig. Men dersom den høye rett helt ser bort fra etterarbeider hvor et samstemmig storting, eller i hvert fall en klar majoritet, gir uttrykk for oppfatninger om straffenivået på et område, kan man derigjennom tvinge fram minimumsstraffer (som ingen av oss ønsker). Domstolene med Høyesterett i spissen, bør etter mitt syn, ta innover seg folks rettsoppfatning, også om straffenivå, og den må komme til uttrykk fra Stortinget. Det dreier seg om tillit og legitimitet.»

Klar misnøye

Utsegnene frå Busch kan vanskeleg tolkast annleis enn som klar misnøye med det straffenivået Høgsterett har lagt seg på i ein del typer saker.

At han nytta høvet til å framføre desse synspunkta i nærvær av kongefamilien og med alle dei andre notabilitetane til stades, understrekar poenget: riksadvokaten er misnøgd med straffenivået som Høgsterett har lagt seg på i ei rad saker.

— Det er prisverdig at riksadvokaten nytta eit slikt høve til å seie noko substansielt om eit kontroversielt tema, seier visepresidenten i Stortinget, Inge Lønning, til Bergens Tidende. Han var sjølv til stades.

— Eg har stor forståing for innspelet for å hindre innføring av minstestraffer. Uavhengige domstolar bør bindast minst mogeleg. Men ein føresetnad er då at det er eit rimeleg samsvar mellom domstolen sitt skjøn og rettskjensla i folket, seier Lønning.

Dobbelstraff

Busch nytta og høvet til å kritisere Høgsterett for dei sterkt omdiskuterte plenumsavgjerdene i tre skattesaker som vart behandla i vår.

Her var poenget spørsmålet om straff pluss tilleggsskatt er å rekne som dobbelstraff i relasjon til menneskerettskonvensjonen, som set forbod mot dobbel straff.

Høgsterett kom til at det norske to-spora systemet, som ein har hatt i uminnelege tider, er i strid med menneskerettskonvensjonen. Den avgjerda har riksadvokaten ikkje funne grunn til å kritisere. Derimot retta han klar kritikk mot at Høgsterett ikkje har sagt noko om kva rettsverknadar avgjerdene i dei tre sakane skal ha. Når skal avgjerda få verknad? Gjeld dei berre framover, eller har dei også tilbakeverkande kraft?

«De kortsiktige konsekvenser av dobbeltstraffavgjørelsene volder påtalemyndigheten atskillig bry for tiden, stikkordsmessig kan nevnes henleggelse, anke til gunst, gjenopptakelse og soning», sa Busch.