Det opplyser statsadvokat Ingunn Fossgard til Bergens Tidende. Ho er for tida fungerande riksadvokat.Det er riksadvokaten som skal avgjere tiltalespørsmålet. Viksveen har sidan oktober 1999 vore sikta for spionasje til fordel for DDR, Aust-Tyskland, som vart oppløyst hausten 1989. Innstillinga Kva innstillinga går ut på er til nå ukjent. Spekulasjonar i pressa har gått ut på at Overvakingspolitiet og statsadvokaten ynskjer å tiltale Viksveen for å ha «gått i forbund med framand stat med sikte på spionasje». Det har siva ut at påtalemakta har hatt problem med å finne dokumentasjon på at Viksveen har overlevert gradert materiale.Innstillinga i saka er utforma av statsadvokat Morten Yggeseth ved Oslo statsadvokatembete. Han har nå reist på ferie. Han vart «handplukka» for den jobben av førstestatsadvokat Lasse Qvigstad før han i februar drog til Washington som justisattache ved den norske ambassaden. Qvigstad Qvigstad har dei siste vekene vore i heimlandet og spekulasjonane har gått på at Qvigstad framleis har ei finger med i behandlinga av saka. Han var til dømes med på eit møte om saka hjå riksadvokaten først i mai.Det er tidlegare uttala at Qvigstad skal aktorere saka dersom det blir nokon tiltale mot Viksveen. Men dette er blitt problematisert sidan Qvigstad nå ikkje er ein del av påtalemakta, men derimot inngår i diplomatiet. Vil ta tid Ifylgje Fossgard kjem det ikkje til å skje noko med saka så lenge riksadvokat Tor-Aksel Busch og assisterande riksadvokat Hans-Petter Jahre er på ferie.Dei kjem att frå ferie rundt månadsskiftet.Fossgard opplyser at ho ikkje har sett på saka. Ho kan heller ikkje opplyse kor omfangsrikt i volum, dokumenta i saka er.Riksadvokat Busch har tidlegare opplyst til Bergens Tidende at det vil ta tid å behandle saka for riksadvokaten. Han ra vist til at materialet er omfattande og at riksadvokaten knapt kjenner eit einaste dokument i saka.