Pensjonistparet Amelia (72) og Einar Riis (78) har fått frist på seg til onsdag 20. mars på å svare på om dei er villige til å ta imot 45 millionar kroner og dermed setje punktum for 28 års kamp om farsarven til Amelia Riis. Eit slik svar er dei ikkje klare til å gi, seier Einar Riis til bt.no

Dei 28 åra har ekteparet brukt til å føre eit utal rettssaker. I dag verserer fire saker i rettssystemet: To mot staten, ei mot Reksten-buet og ei mot reiarlaget Falkefjell AS.

Alle sakene har utgangspunkt i skipet M/S «Sognefjell», som skulle vere farsarven til Amelia Riis, men som gjekk med i dragsuget etter falitten til Hilmar Reksten.

Påstand om konspirasjon

Amelia Riis hevdar skipet vart fråtatt henne gjennom ein konspirasjon mellom Staten, DnC (nå DnB), broren Kristoffer Olsen jr., Ugelstad-familien og Hambros Bank, i eit forsøk på å berge Reksten frå konkurs.

I Oslo byrett vart Staten i fjor haust dømt til å betale ekteparet Riis 43 millionar kroner — den første saka ekteparet har vunne fram med.

Justisminister Odd Einar Dørum har sagt seg villig til å trekkje Statens anke av denne dommen, og vil betale Riis totalt 45 millionar kroner. Detaljane i tilbudet frå Dørum er ikkje kjent, men det er sannsynleg at vilkåret for ei slik utbetaling er at alle dei andre rettssakene blir droppa.

Vil ha utsetting til mai

Det er ikkje ekteparet Riis klare til å gjere enno.

— Motpartane våre har brukt 28 år på denne saka. Vi tykkjer difor det er rimeleg at vi får litt meir enn ti dagar på oss til å vurdere tilbudet frå Dørum, seier Einar Riis til bt.no.

— Vi sender no eit brev til Dørum der vi ber om litt meir tid – i alle fall til i slutten av mai. Det er så mange ting vi gjerne vil ha avklara før vi bestemmer oss, seier Riis.

Verdien av M/S «Sognefjell» skal i 1975 ha vore 14 millionar US dollar. Med renter og renters rente meiner ekteparet Riis dette beløpet i dag er oppe i mellom fire og fem milliardar kroner.

FELLES FRONT: Jusprofessor Edvard Vogt (nr. to fra venstre) vil kjempe i retten for at Amelia Riis (72) og ektemannen Einar (79) skal få Amelias rettmessige farsarv.
Foto: Ørjan Deisz