Dette skriv direktøren i Datatilsynet, Georg Apenes, i brevet der han melder Redningsselskapet til politiet for ulovleg snoking i privat e-post hjå tilsette i Redningsselskapet.

Advokat Morten Steestrup, som er tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, har vore ein sentral rådgjevar og aktør for Redningsselskapet i denne saka.

Direktør Apenes, som også er tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, svarar slik når vi spør om Redningsselskapet sin framgangsmåte:

— Eg vil rå Redningsselskapet til å skaffe seg betre juridisk rådgjeving enn dei tydelegvis har hatt til nå.

«Svært kritikkverdig»

Selskapet er meld til politiet for brot på heile seks ulike paragrafar i personopplysningslova og på forskriftene.

Datatilsynet meiner at foretaksstraff kan vere ein adekvat reaksjon.

Undersøkingane har avdekka at det er gjort søk i all type e-post utan noka slags vurdering av om innhaldet var relatert til verksemda eller privat. «Det er hevet over tvil at det også er gjort søk i e-post som er sendt til og fra de tillitsvalgte i anledning saken (ei personalsak) og i eventuell e-postkorrespondane med advoka, da det ikke er gjort noe forsøk på å avgrense søket. Dette er svært kritikkverdig» skriv tilsynet i inspeksjonsrapporten sin.

«Kattesaka»

Ein flik av dette gjeld den såkalla «kattesak». Den handlar om ein foto av kattunge som gjer sitt fornødne på ei avis som inneheld eit oppslag om arbeidskonfliktar Monica Kristensen Solås var oppe i då ho arbeidde på Svalbard.

Dette biletet er spreidd via e-post til fleire tilsette i Redningsselskapet. Tilsette som har motteke og vidaresendt denne e-posten har fått eit kraftig oppgjer med Monica Kristensen Solås. Ho kom over denne e-posten under saumfaring av i alt 37.000 e-postar i selskapet.

Leiinga i Redningsselskapet med president Magnus Stangeland i spissen, står på at berre e-post relatert til verksemda er gjennomgått. Men dette blir klart avvist av Datatilsynet.

Fleire namn på blokka

I går avslutta styret i Redningsselskapet det ekstraordinære styremøtet med å vedta å finne ein ekstern kandidat som vikar for Monica Kristensen Solås. Ho vart sjukmeld på ubestemt tid torsdag i førre veke.

Styreleiar/president Magnus Stangeland opplyser til Bergens Tidende at han alt er i gang med å leite etter kandidatar. Han seier han har fleire namn på blokka. Han vil ikkje svare på om han har tru på at Monika Kristensen Solås vil kome tilbake i jobben.

Meld til feil politikammer

Saka vart meld til Oslo-politiet måndag, men Datatilsynet vedgår nå overfor Bergens Tidende at rett adressat må vere Asker og Bærum politidistrikt. Det kjem av at hovudkontoret til Redningsselskapet ligg i Bærum og det er her dei straffbare handlingane skal ha skjedd.

Det er første gong at Datatilsynet melder ei bedrift til politiet for ulovleg snoking i privat e-post.

Tilsynet meiner lovbrota er svært alvorlege og peikar i oversendinga til politiet på at kor grov og inngripande lovbrotet er, må tilleggast betydeleg vekt.

«Integritetskrenkelsen overfor de ansatte ved slike handlinger må anses betydelig. Datatilsynet mener derfor at det er viktig at all tvil med hensyn til ulovligheten av denne typen handlinger blir tydeliggjort» skriv Apenes i meldinga til politiet.

— Vi ser ein tendens til at arbeidsgjevarar pressar arbeidstakarar i datasaker. Vi har dagleg telefonar om dette. Arbeidsmiljølova er ikkje god nok på dette området. Det er behov for endringar, seier Apenes.

— Det er heilt klart at det ville vere ein fordel om det hadde vore eit tettare samarbeid mellom Datatilsynet og arbeidstakarorganisasjonane om desse spørsmåla. Den dagen arbeidsmarknaden er slappare enn nå, vil det bli endå verre å hindre utglidingar, seier Apenes.

«KATTESAKA»: Dette biletet av ein kattunge som gjer frå seg på ei avis med eit oppslag om Monica Kristensen Solås, kom generalsekretæren over då ho saumfor privat e-post hjå tilsette i Redningsselskapet.