Bestillingane strøymer på, så no det er ei viss leveringstid, seier yrkesskuleelev og tilsett i ungdomsbedrifta MiniMek, Marius Hauan Leirvik(17).

Det var under ei idékasting ved skulestart sist haust at dei 14 andreklassingane og læraren i VK1 sjøfartsfag landa på krabbekokar og grill som produkt.

Utrangerte vassvarmarar med solide, rustfrie ståltankar blei skaffa frå Haugesund. Deretter tok det ikkje lang tid før dei nevenyttige elevane kunne presentera sine første produkt. I vinter har UB MiniMek delteke på fleire messer med produkta sine, og interessa har vore upåklageleg, kan Marius Hauan Leirvik fortelja.

Produktspekteret er etter kvart utvida. Ungdomsbedrifta kan no tilby krabbekokar, grill, stampomn og fleirbruksomn. Krabbekokaren og stampomnen er vedfyrte, grillen og fleirbruksomnen kan også fyrast med kol. Prisane spenner frå 750 til 2500 kroner.

MiniMek blei på fylkesmessa i Bergen denne veka kåra til beste elevbedrift i Hordaland blant dei 37 deltakande. Verksemda skal vidare til NM på Lillestrøm i april. MiniMek fekk fire prisar som beste bedrift, for beste utstilling, som beste handverksbedrift og som beste innovative bedrift.