Dersom ein vil ta abort etter abortgrensa på 12 veker, må ein søka sjukehuset si abortnemnd. På Haukeland var det i fjor 61 kvinner som leverte ein slik søknad, berre ei vart avvist. Nasjonale tal viser at 96 prosent av kvinnene som ber om seinabort (mellom 12. og 16. veke) får søknaden innvilga.

Harald Helland, seksjonsoverlege ved Kvinneklinikken på Haukeland seier at det skal svært mykje til for å bli nekta seinabort.

— Det er i hovudsak folk som av sosiale eller medisinske grunnar vil ta abort, men det kan også vere folk som rett og slett ikkje har bestemt seg før, vedgår han. Det er spesielt vanskeleg å bli nekta abort før det er gått 16 veker. Helland har sete i abortnemnd i mange år og meiner praksisen gjer at ein like godt kan auke abortgrensa.

— I praksis er abortgrensa 16. veker, kvifor ikkje ha 16. veker formelt?, spør han.

Abort fram til 23. veke

Statistikk frå Folkehelseinstituttet viser at talet på abortar etter abortgrensa har auka med 30 prosent sidan 1999. I 2006 vart det utført 616 seinabortar. Sosiale årsaker og risiko for fosterskade er hovudgrunnane til dei seine svangerskapsavbrota. Nesten ein tredjedel av desse abortane vart gjennomført etter at det var gått 18 veker. Det var nokon få tilfelle på 22 og 23 veker.

— Jo før, jo betre. Når det har gått 16 veker er fosteret veldig stort, påpeikar Helland. Han angrar likevel ikkje på nokon av gongene han har innvilga ein seinabort.

— Seinabortar er alltid ille, men som regel er alternativet verre.

- Må utsletta årsakene

— Det er noko grunnleggjande feil når det skal vere så lett å få tatt ein seinabort, seier Filip Rygg (KrF), ordførarkandidat i Bergen.

— Målet må heller vere at det skal vere lett å bera fram barnet, seier han. KrF-aren reagerer på tala som viser at berre ein søknad om seinabort på Haukeland i fjor vart avslått.

Filip Rygg vil snu på det.

— Tala viser at abortnemndene verken har mynde eller gjer jobben sin, seier han. KrF-aren vil heller skjerpa inn på praksisen.

— Når alle får ja viser det at ein er for liberal, meiner han. Rygg har forståing for at kvinner kan koma i ein vanskeleg situasjon, og meiner ein må leggje til rette for å bera fram barnet.

— Me treng å utsletta årsakene til kvinner føler dei må ta abort, då særleg dei økonomiske. Dette er absolutt noko me har råd til, seier Rygg.