For tida har barnevernet i Hordaland hand om seks små babyar som har symptom på at dei er utsette for rus i svangerskapet. Fleire av dei har hatt store abstinensar etter fødselen.

— Vi veit at kvinner rusar seg meir enn før. Men denne auken kan også ha med det å gjera at vi har meir kunnskap om dette problemet no enn for få år sidan. Det er blitt lettare å oppdaga russkadane, seier Oddveig Skjeveland ved Barne- og familiekontoret i Hordaland Fylkeskommune. Det er ho som skaffar beredskapsheimar til spedborna som er skilde frå sine rusbrukande biologiske mødrer.

Seinast i går kom det inn melding om ein gravid rusmisbrukar som skal føda i desember.

Ein av hundre er russkada

Offisiell norsk statistikk seier at eit av tusen born vert fødde med alvorleg alkoholskade i året og at 2-3 av tusen har lettare alkoholskade. No meiner den amerikanske spesialisten på russkada barn, Ann Streissguth, ifølgje NRK Brennpunkt, at alkoholskadene her i landet sannsynlegvis er på amerikansk nivå. Det vil seia at ein av hundre nyfødde er skada av mors alkoholbruk i svangerskapet. Det vil i tilfelle seia seia 600 nyfødde kvart år. 60 i Hordaland. I tillegg kjem alle dei som er skada av narkotiske stoff.

— Vi veit at dei offisielle norske tala er for låge, vi ser at dette er eit aukande problem. Vi ser fleire nyfødde med skader enn før, seier overlege Liv Lægreid og psykolog Sidsel Bruarøy ved Barneklikken til Haukeland Sykehus.

— Vi har til ei kvar tid eit barn med abstinensar liggjande på klinikken og vi får ofte større born med mistanke om russkade inn til utgreiing på Barneklinikken, fortel dei.

Blir behandla med morfin

Dei to tek seg av russkada born på ein eigen nevrologisk avdeling på Barneklinikken. Der kan borna bli liggjande frå fire til åtte veker. Born av mødrer som har brukt narkotiske stoff i svangerskapet kan få store abstinensar som blir behandla med morfinpreparat og antiepileptikum.

I dei tilfella der foreldra ikkje er i stand til å ta seg av borna, vert dei tekne hand om av barnevernet i ein beredskapsheim.

Born med alkoholskader kan det vera vanskelegare å oppdaga tidleg. Dei har ikkje abstinensar, og mødrene dreg gjerne raskt heim frå klinikken.

Alvorlege alkoholskader (Føtalt Alkohol Syndrom, FAS) gjev ofte ein spesiell utsjånad og vil vanlegvis bli fanga opp av helsevesenet etter ei tid.

Lettare alkoholskader (Føtal Alkohol Effekt, FAE) er det langt vanskelegare å oppdaga. Det same gjeld mange av narkoskadene. Difor har mange av desse borna hamna i kategorien ADHD-born. Mange av skadane deira er resultat av blandingsmisbruk.

Ein medfødd hjerneskade

— Borna er blitt sett på som hyperaktive, ulydige og uoppdregne born. Ingen har visst at dei har ein medfødd permanent hjerneskade i den delen av hjernen som styrer handlingane deira. Mange av borna med russkade er også psykisk utviklingshemma og treng heilt spesiell oppfølging og hjelp for å kunna fungera, seier Sidsel Bruarøy.

— Eit stabilt oppvekstmiljø er heilt avgjerande for utviklinga til dei russkada borna. Vi veit at dei har auka risiko for feilutvikling ved oppvekst hos biologisk familie, seier Bruarøy, som seier ho ofte saknar ein barnets advokat i rettssaker som gjeld kven som skal ha ansvaret for desse borna.

Etter innføringa av den nye barnevernlova og etter dommen i Strasbourg, som kritiserte brot på biologiske band, har fleire av desse borna blitt buande saman med sine biologiske foreldre. Foreldra har samstundes fått innvilga meir samvær med born som bur i fosterheim.

For liten kunnskap

Sidsel Bruarøy og Liv Lægreid meiner det er for liten kunnskap blant helsepersonell om konsekvensane av alkoholbruk i svangerskapet.

— Det er allment akseptert at kvinner ikkje bør røykja i svangerskapet. Vi har ikkje dei same haldningane til alkohol. Det burde vi hatt, seier Sidsel Bruarøy.

— Vi veit at kvinner med høg utdanning og inntekt drikk mest, også i svangerskapet. Det er dei russkada borna til desse kvinnene det er aller vanskelegast å oppdaga, seier Bruarøy. Dessutan er det slik at fosteret lettare kan ta skade dersom mora har ein langvarig høg alkoholbruk bak seg før graviditeten. Levra hennar kan då vere sliten, og det vil ta lengre tid før denne greier å bryta ned alkoholen.

VIKTIG MED STABILITET: Overlege Liv Lægreid (t.h.) og psykolog Sidsel Bruarøy ved Barneklikken seier at eit stabilt oppvekstmiljø er heilt avgjerande for utviklinga til dei russkada borna. FOTO: HELGE HANSEN