STEINAR HYSTAD

— Sommaren som lakkar mot slutt har vore som skapt for birøkt. Innan bransjen seier me at honningproduksjon er 70 prosent avhengig av veret, resten er opp til kor flinke biene er og den som styrer plassering av kubane, seier Arnulf Moe ved Honningsentralen i Oslo.

Av innmeldingskurvane frå oppstarten for 50 år sidan kan Moe lett lesa når Noreg har hatt knallsomrar. I fjor slo ikkje varmen skikkeleg til og den totalt honningmengd til sentralen vart vel 500 tonn. I år reknar Moe med å koma over 1300 tonn og det blir ny rekord.

Den gamle er frå 1991 då biene samla inn 1250 tonn honning. Berre i seks år sidan 1952 har norsk birøkt hatt produksjon over 1000 tonn. Dårlegaste året står i statistikken oppført med 405 tonn bieprodukt. Slike år blir det importert mykje honning.

— Det høvde godt med eit rekordår. Interessa for dette 100 prosent reine naturproduktet er nemleg aukande og lagera så godt som tome. Kvar nordmann brukar i årleg 450 gram honning, det meste som pålegg men det går også ein heil del toppa teskeier i te og varm mjølk., opplyser Arnulf Moe.

Om det blir krunår for honningen, er ikkje produksjonstaket i Noreg på nokon måte nådd. Landet har naturgjevne føresetnaden for å gje frå seg tre gonger så mykje som dei 1300 tonna som er innmelde. Honningsentralen og lokale birøktarlag vil no intensivera arbeidet med å utvida staben av røktarar og bier.

Leiaren i Bremnes Birøktarlag Jan Sigve Særsten vedgår gjerne at det i sommar har vore ekstra moro å kontrollera kubane. I eit normalår er det vanleg at ein kube gjev 25-30 kilo i sesongen, i år blir det snakka om både 50 og 80 kilo honning frå eitt biearbeidslag, som utgjer ein kube.

Nektaren samla bømla-biene frå frodige lyngheiar utmed havet.

— Grunnen til at honningen frå Bømlo er kjent for god smak, er at biene hentar inn og blandar nektaren frå Klokkelyng, Pupurlyng og Røsslyng - som samla kler store delar av øyane våre. Veret har så absolutt vore på birøkta si side i sommar, seier Særsten og ser saman med kollegane fram til travle og spennande dagar i byrjinga av september når honningen skal slyngast, silast og tappast på glas. Klar for grovbrødskjeva.

Lokallagsleiaren fortel om glede over tilgangen på ungdom som vil føra vidare birøkttradisjonen på Bømlo. Den smule skugge som pregar næringa i kommunen kjem, bokstaveleg talt, frå den hissige tilvekst av buskar og tre som trugar lyngheiane. Tidlegare klarde vinterbeitande sauer halda tilveksten i sjakk.

GYLNE GODSAKER: Det blir levert mange glas lynghonning frå birøktarane over heile Noreg i haust. – Det har vore ein flott sesong, seier Jan Sigve Særsten, leiar i Bremnes Birøktarlag.
FOTO: STEINAR HYSTAD