Kontrollkomiteen på Stortinget vedtok i går samrøystes å be Moderniseringsdepartementet om ei utgreiing om regelverket for handtering av reiserekningar og representasjon.

Dette opplyser leiaren i kontrollkomiteen, Lodve Solholm (Frp) til Bergens Tidende.

BT-avsløringar

— Dette gjer vi med bakgrunn i oppslaga i Bergens Tidende om Kristin Krohn Devold sine reiserekningar og i lys av det som kom fram om tidlegare statsråd Victor D. Norman sin pengebruk, seier Solholm.

— Vi ønskjer ein gjennomgang av reglement, praktisering, prosedyrar for godkjenning og rutinar for kontroll av reiserekningar og representasjon. Dette gjeld for den politiske leiinga i alle departement, seier Solholm.

Solholm strekar under at komiteen i denne omgang ikkje har opna sak. Nå er det i første omgang berre stilt spørsmål. Så vil svaret vere avgjerande for om komiteen vedtek å opne sak.

Solholm strekar også under at komiteen ikkje har engasjert seg i saka som gjeld den permitterte kontreadmiralen, Atle Torbjørn Karlsvik.

— Den saka er under etterforsking av politiet og under gransking i Forsvarsstaben. Vi konsentrerer oss om saka som har bakgrunn i Bergens Tidende sine oppslag, seier Solholm.

- Naturleg å ta opp

— Dette er ei sak det er naturleg og rett av kontrollkomiteen å ta opp. Vi har behov for informasjon. Vi dreg ingen konklusjonar ennå. Vi vil vere varsame med å trekkje konklusjonar på dette stadiet. Saka gjeld einskildpersonar. Vi vil ha eit grunnlag for å vurdere om det er gjort feil, før vi kan trekkje konklusjonar, seier parlamentarisk leiar i SV, Lodve Solholm, til Bergens Tidende.

Fleire veteranar frå Stortinget, som også har erfaring frå regjeringskontora, gjev overfor Bergens Tidende uttrykk for at dei er skaka over kva som hittil har kome fram om behandlinga av Krohn Devold sine reiserekningar i Forsvarsdepartementet.

Det er venta at Moderniseringsdepartementet vil ha svaret klart innan kontrollkomiteen kjem saman til sitt neste møte tysdag i neste veke.

Ingen sjølvkritikk

Forsvarsdepartementet (FD) har ingen planar om å gjennomføre ein ny kontroll av reiserekningane til Kristin Krohn Devold, trass i dei opplysningane som nå har kome fram.

Ekspedisjonssjef Elisabeth Bødtker Larsen hevdar overfor Bergens Tidende at FD har halde seg til reglane for reiserekningar slik dei framgår av personalhandboka i staten.

Ho legg til at departementet ventar at dei tilsette sine reiserekningar blir utforma i samsvar med dei faktiske utgiftene og i tråd med regelverket.

Bødtker Larsen avviser ei problematisering av hennar eigen habilitet. Bergens Tidende har reist spørsmål ved habiliteten hennar når ho uttalar seg i denne saka med bakgrunn i at ho sjølv har godkjend meir enn 20 av reiserekningane til Krohn Devold.