Se større grafikk SORIA MORIA OKTOBER 2005: Saman med eit koppel rådgjevarar sit Jens Stoltenberg (Ap), Kristin Halvorsen (SV) og Åslaug Haga (Sp) på hotellet i Holmenkollåsen. Dei flikkar på løfta til veljarane.

Utanfor, i den regnvåte krattskogen, har Fattighuset i Oslo slått leir. Partia skal bli påminna lovnadene i valkampen. Ikkje minst SV, som har fjerning av fattigdommen i programmet for denne stortingsperioden. Dresskledde forhandlarar går forbi fattigleiren kvar dag, på veg inn eller ut frå ordsmia.

Då leiarane for dei tre påtroppande regjeringspartia kjem ut etter 17 dagar, har dei fattige fått sitt. Allereie på første sida i Soria Moria-erklæringa lovar regjeringa at «vi vil avskaffe fattigdom». I løpet av regjeringsperioden. Fire år.

— Dersom dei ikkje klarar å innfri løfta i løpet av fire år, så skal eg jammen leggje meg i ein ny fattigleir - denne gongen utanfor Stortinget eller Regjeringsbygget, seier generalsekretær Helen Bjørnøy i Kirkens Bymisjon.

Fire dagar seinare blir ho utnemnd til miljøvernminister.

- DENNE HER skulle du likt å ha!

Arbeid- og inkluderingsmininster Bjarne Håkon Hanssen sit på kontoret sitt og viftar med ein tjukk kvit trykksak. Utkastet til regjeringas inkluderingsmelding, som kjem i oktober. Her ligg «dei tunge grepa», som Hanssen seier. Dei som skal løfte folk ut av fattigdom og inn i arbeid. Hanssen skal lese blekka i sommar.

Men den fantastiske lovnaden frå regjeringserklæringa gjev han opp allereie no:

— Eg trur du vil ha fattigdom i Noreg i 2009. Men eg trur vi vil ha mindre fattigdom enn då vi starta.

Hanssen omtalar no lovnaden om å avskaffe fattigdom som «ein ambisjon».

— Det er litt som ein nullvisjon i forhold til trafikkdrepne. Ingen trur at vi nokon gong vil kunne kome gjennom eit år i norsk trafikk utan at ein einaste person blir drepen. Men vi vil få færre drepne med ein nullvisjon enn om vi ikkje hadde den. Og det er klart at eg kjem lenger når eg kranglar med finansministeren (om budsjettmidlar red.mrk.) med den Soria Moria-formuleringa enn eg ville gjort utan, seier Hanssen.

— Vi som trudde du ville erklære at Noreg vart det første landet i verda utan fattige?

— Jau, men det kan eg godt seie: Noreg kjem til å bli det aller første landet i verda som avskaffar fattigdommen.

— Når vil det skje då?

— Norsk arbeidarrørsle har hatt draumen om eit samfunn utan fattigdom i 100 år. Eg trur vi vil klare det, men det ligg nokre tiår fram i tid.

- PFFFF! ER DET IKKJE sånt dei seier for å suge fatt i den veljarskaren.

Den 36 år gamle mannen vi møter på Frelsesarmens slumstasjon i Ladegårdsgaten har ikkje mykje tru på løfta om å avskaffe fattigdommen.

Kameraten, Anders Franck-Nielsen (31), kom inn døra til slumstasjonen utan strømper. Ute høljar regnet ned. Inne møter dei Evy Johnsen. I dag har ho ansvaret for å dele ut maten frå stabelen med kasser som står innanfor kniplingsgardinene.

Vidare opp trappa registrerar Frelsesarmé-offiser Marianne Naustdal alle som ønskjer hjelp.

Til no i år har 554 bergensarar gått opp denne trappa for få utlevert ein pose med mat på slumstasjonen.

Naustdal har sett dei fattige kome i stadig større mengd inn døra dei siste åra. Difor trur heller ikkje ho noko på lovnadene om å fjerne fattigdommen.

— Eg blir overraska om fattigdommen ikkje blir større desse fire åra, seier ho.

MODERNE FATTIGDOM handlar om andre ting enn å gå svolten og halvnaken rundt og tigge.

Den handlar om å bli utestengd frå vanleg sosialt liv: At ungar ikkje kan gå i bursdagsselskap fordi dei ikkje har råd til presang og fine nok klede. At ein ikkje har råd til varm mat kvar dag. Slike ting.

Denne forståinga av fattigdom er i dag nær eineherskande blant regjeringar og forskarar i vestlege land. Bilete av sveltande, uflidde menneske høyrer 1800-talet til.

Men der sluttar semja. For kva inntekt treng ein for å ikkje vere fattig i Noreg i dag? Det er ikkje lett å svare på.

Etter valet i fjor fekk minister Hanssen mykje kjeft frå SV, fordi han ikkje ville innføre EU sin definisjon av fattigdom. Den seier at dei som tener under 60 prosent av medianinntekta er fattige (medianinntekta er den som ligg i midten når du sorterar alle personars inntekter etter storleik).

Hanssen tok tilbake Bondevik-regjeringas uoffisielle definisjon, som set grensa ved 50 prosent av medianinntekta. Det vesle trikset reduserte talet på fattige i Noreg frå 400.000 til 130.000. Ikkje minst fordi alle minstepensjonistane og dei uføretrygda på lågaste sats då ramlar ut av fattigdomsstatistikken.

Så «offisielt» er det altså i dag rundt 130.000 fattige i Noreg. For å hamne i denne lite hyggelege statistikken, må du som einsleg ha ei samla inntekt etter skatt på under 95.000 kroner (ein minstepensjonist får 113.000 i året). For eit par med to barn går fattigdomsgrensa på rundt 255.000 kroner (sjå figur på side XX ).

Når Hanssen legg fram regjeringas fattigdomspolitikk til hausten vil dei ikkje ha noko offisiell fattigdomsgrense. Seier Hanssen.

Professor Ivar Lødemel ved Høgskulen i Oslo er ikkje særleg uroa.

- Vi vil likevel kunne måle inntektsendringar. Men det er like viktig å måle endringar i levekår, arbeidstilknytning og livskvalitet, seier Lødemel.

- SJÅ DER! Løvetannblad! Dei er kjempefine å bruke i salatar. Smakar nesten som rucola.

Sol Schind (60) bøyer seg entusiastisk over dei mørkegrøne blada som veks langs Store Lungegårdsvann, og plukkar til seg sjølv, journalist og fotograf.

— Smak, oppfordrar ho, før ho brettar saman et blad, stappar det i munnen og tygg tilfreds.

Sol Schind et ugras fordi ho er lei av å kjempe mot fattigdom.

— Eg er i ferd med å venje meg av med pengar. Eg likar dei rett og slett ikkje. Pengar har berre skapt elende i livet mitt.

Alt Sol Schind har til overs av uføretrygda på drygt 9000 kroner går kvar månad til søstera, som kausjonerte for et lån ho tok opp i 1989. Ho klarte ikkje de skyhøge avdraga på 10.000 kroner månaden - og 17 år seinare skuldar ho søstera 235.000 kroner.

— Det er så vondt å sjå at ho må lide for noko eg har gjort, seier ho.

Sol går kledd i joggesko, dongeribukse og allversjakke. Ho kunne vore kven som helst. Eit lykkeleg medlem av den norske mellomklassen.

Det var ho då òg ein gong, før skilsmissa, forbrukslånet og ryggproblema. Det er lettare å bli fattig i dagens Noreg enn mange trur.

— Noko av de som har slått meg veldig etter at eg starta i denne jobben er kor kort veg det kan vere frå å vere relativt vellykka i dette samfunnet til å vere i store økonomiske problem, seier arbeidsminister Hanssen.

Så fortel Hanssen ei historie som byrjar med sjukdom og eit år med full sjukeløn. Neste stopp er attføring med ein tredel lønn og så går det vidare til sosialen når attføringsperioden tek slutt. Løysinga for Hanssen er å få folk tilbake i arbeid.

- ARBEIDSLINJA ER MEDISIN for alt, i følgje regjeringa. Men så krasjar dette i verkelegheita. Det er ei gruppe som ikkje klarar å jobbe, dei som ikkje er så fine og pynta at arbeidslivet vil ha dei. Dei må sikrast betre økonomisk, seier Stig Rusten, leiar i Aleneforeldreforeningen.

Åleineforeldre har i følgje forsking langt større sjansar for å bli fattige enn befolkninga generelt. Rusten har ikkje tru på at politikarane verkeleg vil avskaffe fattigdommen her i landet.

— Det er å tru på julenissen, seier han.

Leiar Lise Tollefsen Slembe, i nystarta HULK (Med hjelp til unge i alvorlege livskriser), meiner det er ein feilslått strategi å ha som mål å få alle i arbeid.

— Folk kan ikkje tvingast i jobb. Først må dei byggjast opp. Så kan dei arbeide.

MINISTER HANSSEN provoserte dei fattige kraftig, då han før jul i fjor utbasunerte over heile framsida i Dagbladet at «Sosialklienter skal stå opp om morran». Han lova å vere «nådeløs» mot dei som ikkje skriv under på regjeringas planlagde «velferdskontrakt».

For Hanssen lovar at dei fattige skal få meir pengar, men ikkje utan vilkår. Velferdskontraktane, ein idé Hanssen og Ap har henta frå Clintons USA, skal gje sosialhjelpsmottakarar eit tillegg. For medan velferdsordningane for arbeidande nordmenn er dei rausaste i verda (t.d. sjukepengar og fødselspermisjon), ligg sosialhjelpa på nivå med Storbritannia.

Velferdskontraktstillegget skal løfte inntekta frå dagens sosialhjelpssatsar «opp mot» det Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) meiner du treng for «et forbruksnivå som kan godtas av folk flest».

Kontrakten vil gje dei fleste på sosialhjelp eit solid inntektshopp, frå 4270 «opp mot» 6500 kroner månaden for ein einsleg. Det skal dekkje alt, unntatt bustad og straum.

Men det er berre dei som skriv under som vil få. Det dei skriv under på er at dei vil ta i mot arbeid, praksisplass, rusavvenning eller kva det måtte vere som kan føre dei eit steg nærmare arbeidslivet.

Problemet er berre at arbeidsplassane for dei som ikkje kunne yte maksimalt, har forsvunne dei siste 20 åra. I dag har Noreg verdas høgaste løner for lågkvalifisert arbeidskraft. Krava til effektivitet er knallharde.

Professor Lødemel seier deira undersøkingar viser at mange av langtidsmottakarane av sosialhjelp truleg aldri vil kunne kome seg i arbeid.

Det er Hanssen samd i. Difor signaliserer han no at dei vil mjuke opp «arbeidslinja».

— Eit tett samarbeid med det frivillige Noreg kunne ha vore veldig interessant, og det jobbar vi med. Foreiningar som idrettsforbundet, Kirkens Bymisjon, Speidaren, you name it, kunne danna arena for mange slike aktvitetsarbeidsplassar som handlar om at du har noko å gå til, du har den sosiale ramma som arbeidslivet representerer utan at du må yte ut frå bedriftsøkonomiske termar.

SOL SCHIND HAR jobba frå ho drog opp laks som 12-åring til ho i 2000 vart uføretrygda på minstepensjonist-sats. På fabrikk, i butikk og på kontor. Dei åra ho ikkje har jobba, har ho passa ungar eller tatt utdanning.

— Mange trur at ein må vere narkoman, alkoholikar eller spelegal for å bli fattig i dette landet. Eg har lyst til å fortelje mi historie for at folk skal forstå at vi er mange fleire, seier ho.

Sols veg til fattigdom følgjer ein kjend veg i dagens Noreg.

— Dette er et fenomen som i hovudsak gjeld eldre kvinner som blir skild eller blir enkjer. Det bryt nokså mykje med det stereotype biletet folk har av fattige. Det er vanlege, solide kvinner som har omsorg for barna sine. Dei har brukt dei beste åra av sine liv på omsorg for hus og heim, og er ikkje lenger attraktive på arbeidsmarknad på grunn av alder og mangel på formelle kvalifikasjonar, seier professor Kjell Underlid ved Høgskulen i Bergen.

DEI FLESTE FATTIGE i Noreg er ikkje rusmisbrukarar. Men i ei undersøking Gruppe for inkluderende velferd ved Høgskolen i Oslo nyleg gjorde blant sosialhjelpsmottakarar, svarar likevel halvparten av dei at dei har eller har hatt eit rusproblem.

— Det stemmer at det blant sosialhjelpsmottakarar er mykje rusproblem. Men når vi går bak dette ser vi mellom anna resultatet av reform 94, seier professor Ivar Lødemel, som var leiar for undersøkinga.

Kort fortald: Ved å gjere vidaregåande skule nær obligatorisk, og å stappe store mengder teori inn i yrkesfaga, skapte staten ved utdanningsminister Gudmund Hernes ein generasjon skuletaparar. Dei finn du i dag igjen i kriminalitetsstatistikken, på sosialkontora og i den sterke veksten blant unge uføretrygda. (35.000 nordmenn under 40 år er i dag uføretrygda, 28 prosent fleire enn for ti år sidan).

Det finst truleg òg ein del «frivillig fattige», som kunstnarar. Men dei ruvar heller ikkje i statistikken. Der du finn dei fattige i Noreg, i følgje Statistisk sentralbyrå (SSB), er blant ikkje-vestlege innvandrarar, åleineforsørgjarar, langtidsledige, langtidssjuke og åleinebuande under 35 år (då er studentar ikkje medrekna).

Fattigdommen er større i byane enn elles i landet. Ikkje minst i hovudstaden. Ei undersøking SSB gjorde i fjor viste at 8,3 prosent av innbyggjarane i Oslo var fattige i 2001, mot 3,7 i Bergen, Trondheim og Stavanger. Landssnittet var 3,3 prosent.

Oslo tronar på fattigtoppen mellom anna fordi dei fattige gruppene er overrepresentert der.

Ein fellesnemnar for dei fleste fattige er at dei ikkje har jobb. Fordi lønsnivået er relativt høgt sjølv på lågstatusjobbar finn du knapt «arbeidande fattige» slik du gjer til dømes i USA.

Det finst unntak. Eit unntak er dei som, til liks med Sol Schind, har hamna i gjeldsfella. Folk som har lånt meir enn dei kan betale.

Dei illustrerer eit anna, og grunnleggjande politisk diskusjonstema: Kvar går grensa for kva staten og fellesskapet skal ta ansvaret for? Skal vi fri alle som har gjort økonomiske dumskaper?

— Det er eit grunnleggjande normativt spørsmål, som politikarane må ta stilling til, seier professor Lødemel.

TREHUSET I LADEGÅRDSGATEN 21 ser ut som eit vanleg bustadhus i trehusbebyggelsen i Sandviken. Eit av desse som etter femten år med samanhengane prisvekst på bustader går for fire-fem millionar kroner.

Ingen av dei som går inn den brune tredøra til slumstasjonen i sommar har råd til det.

Dei høge prisane på leigemarknaden er eit av dei største problema for dei fattige i byane.

Jarle Engen (30) er òg svolten. Dei to siste månadene har han budd på gata. Difor gjev han følgjande råd til Bjarne Håkon Hanssen og alle andre som vil utslette fattigdommen.

— Dei må skaffe fleire overnattingsplassar til dei som bur på gata. Dessutan bør dei sørgje for at det er mogleg å få seg gratis mat på søndagane, seier han, før han legg til:

— Eg har aldri trudd noko på at dei skulle klare å bli kvitt fattigdom. Eg har ingen forventningar.

knut egil wang
PLUKKAR MATEN: Sol Schind (60) slit framleis med eit lån ho tok opp i 1989 som ho ikkje klarte å betale. Med eit matbudsjett på tusen kroner månaden er det greitt å plukkehyllebærsblomar for å lage saft.
Knut Egil Wang
UTAN SOKKAR: Anders Franck-Nielsen (31) er ein av 554 bergensarar som så langt i år har fått gratis mat og klede av Evy Johnsen og dei andre medhjelparane på Slumstasjonen iSandviken. Stadig fleire går inn gjennom den brune døra i Ladegårsgaten for å få hjelp.
knut egil wang
ALTERNATIV FERIE: Hurum er Sol Schinds ferieparadis. Kvart år tar ho tog ogbuss frå Bergen for å leggje seg inn på Finnmarkslaget i Oslo si hytte for hundrekroner natta. Heile ferien kjem på ein skarve tusenlapp.
Knut Egil Wang