— Vi skal leggje fram vurderingane våre for Stortinget i mai, seier statssekretær Kjetil Lund (Ap) i Finansdepartementet.

Miljørørsla har retta sterk kritikk mot kvotesystemet, og særleg mot kvotekjøpa frå utviklingsland, dei såkalla CDM-kvotane. Både Bellona og Naturvernforbundet har kravd at regjeringa må slutte å bruke desse for å nå klimamåla.Det er sådd sterk tvil om den reelle effekten av enkelte u-landskvotar. Ein del av prosjekta som sel slike kvotar blir også skulda for å øydelegge miljøet lokalt, og for brot på menneskerettane.

Har brukt to milliardar

— Dette er eit felt der mange har sterke synspunkt. 1. januar tok vi på oss nye klimaforpliktingar. Fram til 2020 skal vi bidra til utsleppskutt på 30 prosent, blant anna gjennom kvotekjøp. Vi har seks års erfaring med karbonmarknaden, og mykje har hendt i den perioden. Dette er eit komplekst felt, noko ikkje minst Bergens Tidendes artikkelserie om klimakvotane har vist, seier Lund.

Han meiner difor det er naturleg å ta ein gjennomgang av dei statlege kvotekjøpa framover. Frå 2008 til 2012 brukte regjeringa to milliardar kroner på kvotekjøp frå utviklingsland.

Må ha kvotar for å nå måla

Måndag møtte Finansdepartementet både miljørørsla, Statoil, Hydro, Det Norske Veritas og andre aktørar til eit møte for å høyre deira syn på kva Staten bør gjere.

Lund seier det er for tidleg å svare på om regjeringa vil gjere innstrammingar. Også i dag er Staten meir restriktive enn f.eks. Statoil, som bl.a. har kjøpt store mengder kvotar frå omstridde kjølegassfabrikkar. Desse kvotane har regjeringa svartelista.

Statssekretær Lund er klar på at Noreg også i framtida vil måtte nytte seg av klimakvotar. Målet er å bli ein klimanøytral nasjon innan 2030.

— Skal vi greie det, er vi heilt avhengige av å ha ein fungerande internasjonal kvotemarknad, seier Lund.

Får ikkje alt som vi vil

Han meiner systemet også i framtida må vere marknadsbasert, og at reglane må vere forankra i internasjonale avtaler.

— Det betyr at vi må vere budd på at regelverket ikkje blir nøyaktig slik vi sjølve skulle ønskt at det var. Samstundes er vi heilt avhengige av at systemet er så godt utforma at det har legitimitet, seier Lund.

MØTE I DAG: Statssekretær Kjetil Lund (Ap) i Finansdepartementet opnar for innstrammingar i Statens framtidige klimakvotekjøp.