Det er normalt å gje ei ny regjering arbeidsro den første tida etter at statsrådane inntek regjeringskontora. Ofte blir det snakka om at ei ny regjering må få ei fredingstid på 100 dagar.

Men slik tenkjer ikkje Høgre nå. Nestleiar i Høgre, Per-Kristian Foss, stadfester overfor Bergens Tidende at det massive spørsmålstrykket inngår i ein plan.

— Motstridande

— Regjeringserklæringa og Soria Moria-avtalen inneheld så mange luftige postar og formuleringar at det er behov for konkretiseringar for å få vite kva retning regjeringspartia har tenkt å gå og korleis dei vil gjennomføre dei planane dei har skissert. Erklæringane inneheld mange formuleringar som står i motstrid til kvarandre. Difor har vi funne grunn til å stille ei rad spørsmål, seier Foss til BT.

Fleire av spørsmåla går rett inn i tema som inneheld konfliktstoff mellom dei tre regjeringspartia. Det blir også påpeika i nokre av spørsmåla at det ser ut til at Sp og SV har vunne fram i saker der Ap før har stått saman med dei tre tidlegare regjeringspartia.

Skriftlege spørsmål til statsråden krev skriftlege svar frå statsråden. Og ein statsråd har åtte dagar på seg frå spørsmålet er levert til svaret må ligge føre.

Låg ikkje på latsida

Dei første 10 spørsmåla vart levert inn allereie måndag 17. oktober, same dagen som dei nye statsrådane inntok regjeringskontora. I løpet av dei tre neste dagane vart det levert inn ytterlegare 25 spørsmål. Det betyr at Høgre ikkje låg på latsida.

I same periode leverte det største opposisjonspartiet på Stortinget, Frp, inn berre to spørsmål.

Foss peikar på at Stortinget har eit innarbeidd system med at stortingsrepresentantar kan stille skriftlege spørsmål til statsrådane som må svare skriftleg i løpet av åtte dagar.

— Ein får gjerne betre svar på skriftlege spørsmål enn det ein oppnår gjennom spørsmål og svar i den vanlege spørjetimen.

- Røyke ut

Foss seier at Høgre meiner både regjeringserklæringa og Soria Moria-avtalen inneheld ulne og uklare kompromiss.

— Difor er det viktig å røyke ut kva som er den eigentlege politikken. Valkampen var prega av ikkje-svar frå dei nåverande regjeringspartia på mange spørsmål. Sjølv prøvde eg fleire gongar å få SV-leiar Kristin Halvorsen til å svare på konkrete spørsmål. Eg lykkast berre med å få svar i halvparten av eit debattprogram. SV og Ap ville ikkje snakke om økonomisk politikk der dei ikkje var samde. Vi får nå søke svar og klargjering gjennom det systemet Stortinget byr på, seier Foss.

Ikkje mindre enn seks av spørsmåla er retta til finansminister Kristin Halvorsen. Både partileiar og parlamentarisk leiar Erna Solberg og nestleiar Jan Tore Sanner har levert fleire spørsmål.

Høgre spør om makspris i barnehagar, om omlegging av kontantstøtta, om gjennomføring av «kunnskapsløftet», om «marginalisering» av Noreg i NATO, om korleis regjeringa vil fylgje opp Stortinget sitt vedta om å delta i ei av EU sine kampgrupper, om kva slags verktøy den nye næringsministeren har i verktøykassa. Det er også spørsmål som går på stans i konkurranseutsetjing i kommunesektoren og i jarnbanesektoren, om omstilling i Avinor. Det er spørsmål om oljeboring og CO2-handtering.