Svartelistinga skjedde 7. desember i fjor etter at USA hadde fremja eit formelt krav om å få plassert Krekar på denne lista.

Fekk materialet

På førehand hadde norske styresmakter via Utanriksdepartementet fått oversendt materialet som låg til grunn for kravet om svartelisting.

Varsel om planlagd svartelisting tok UD imot allereie 24. august i fjor. Opplysingane vart oversendt til Justisdepartementet same dag, opplyser UD.

I etterkant av svartelistinga har norsk politi og påtalemakt freista å framskaffe dokumentasjon som kan underbyggje skuldingane. Konklusjonen er at det berre er snakk om reine påstandar utan dokumentasjon. Det var og er ingen bevis.

— Materialet som låg til grunn for vedtaket i FN vart oversendt både frå amerikanske styresmakter og frå FN sidan det galdt ein person som var busett i Noreg, opplyser underdirektør Torfinn Rislaa Arntsen i rettsavdelinga i UD.

Materialet vart vidaresendt til Justisdepartementet for «distribuering til justissektoren» ifølgje Arntsen.

UD har unnateke materiale frå innsyn etter paragraf 6.1 i offentleglova.

Offentleg i USA

Men når Bergens Tidende presenterer for UD det materialet som ligg ope tilgjengeleg på det amerikanske Finansdepartementet sine heimesider på Internett, opplyser Arntsen at det er dei same opplysningane og gjeld dei same forholda som er omtala i begge dei to dokumenta.

Arntsen seier at UD likevel ikkje kan utlevere dei dokumenta ein har teke imot. Derimot vil mulla Krekar og advokaten hans kunne få slik tilgang.

— Det som ligg på nettet er ein kortversjon av det vi har teke imot. Vi i UD har ikkje vurdert gehalten i opplysningane, men registrert kva opplysningar amerikanarane har levert.

Ingen reaksjonar

— Kva var føremålet med å sende dokumentet over til Justisdepartementet?

— Det var todelt: for det første å gjere norske relevante styresmakter kjent med skuldingane. For det andre: dersom relevante styresmakter hadde opplysningar i saka som anten svekkja påstandane eller eventuelt underbygde eller styrkja påstandane, så kunne dei melde dette tilbake til oss. I neste omgang kunne vi supplere eller korrigere overfor FN. Men vi har ikkje fått noka som helst tilbakemelding, seier Arntsen.

Justisdepartementet tok imot tre varsel og dokument frå UD om saka. Alle tre dokumenta vart i tur og orden sendt over til riksadvokaten, opplyser avdelingsdirektør Knut Fosli i Justisdepartementet.

12. desember bad riksadvokaten statsadvokaten i Oslo og PST vurdere om svartelistinga burde resultere i ny etterforsking mot Krekar.

Ingen dokumentasjon

I førre veke kunne førstestatsadvokaten i Oslo, Lasse Qvigstad, opplyse til Bergens Tidende at det i denne saka er sett fram påstandar mot Krekar, men det finst ingen dokumentasjon eller bevis.

Politiets Tryggingsteneste, PST, har i meir enn eit halvt år undersøkt grunnlaget for påstandane og skuldingane mot Krekar. PST har ikkje fått eit einaste dokument som kan underbyggje påstandane.

Qvigstad stadfester at det er dei same forholda som framgår av dokumentet på det amerikanske Finansdepartementet si heimeside, som PST har freista å skaffe underbygging og dokumentasjon for.

INGEN BEVIS: Mulla Krekar vart ført inn på FN si svarteliste som terrorist 7. desember i fjor, formelt etter krav frå USA. Den norske regjeringa hadde ingen innvendingar sjølv om det ikkje fanst eit einaste bevis for påstandane. ARKIVFOTO: MORTEN HOLM, SCANPIX