Rettsregisteret skal innehalde informasjon om kven som eig, og kven som har pant i, dei ulike burettslagsbustadene her i landet, på same vis som det offisielle registeret over rettar i fast eigedom (grunnboka) inneheld tilsvarande informasjon om andre sjølveigarbustader.

Stortinget gjorde i juni 2005 vedtak om at det nye rettsregisteret for burettslagsbustader skal innarbeidast i grunnboka. Regjeringa følgjer no opp vedtaket med å føreslå ei løyving på 47 millionar kroner til oppstart og drift av registeret. Registeret skal etter planen vere i drift frå 1. juli 2006.