Ålesund-selskapet Regatta vil krevja «fleire titals millionar» kroner i erstatning for tapt sal og renommé etter at redningsvesten Regatta Thermo Cruise var utan sertifisert godkjenning frå juni 2002 til august i fjor. Det opplyser salssjef Irene V. Mjelde i Regatta AS til Bergens Tidende.

Varselet om søksmål er retta mot Veritas og Nærings— og handelsdepartementet.

Den termiske eller varmevernande vesten med hette og ermar blei utvikla og godkjent etter «Estonia»-ulukka i 1995. Norske passasjerskip fekk krav om termovestar etter «Sleipner»-havariet i 1999.

Anonym pakke

Veritas si tilbaketrekking av godkjenninga 27. juni 2002 starta med ein anonym pakke til den britiske kystvaktetaten to år før. I pakken låg Ragattas termovest, som var på veg ut i Europa etter å ha blitt markedsleiar i Noreg.

Britane testa vesten med nye instrument, underkjente han, klaga han inn for EU-kommisjonen, og la ned forbod mot vesten i England. Vesten tilfredsstilte ikkje internasjonale krav til hovudvinkel og fribord for person i sjøen.

Det Norske Veritas testa også vesten med nye instrument, men følgde ikkje Regatta si oppmoding om at også vestar frå andre produsentar måtte testast på same måte. Ålesund-bedrifta viste også til ein samanliknande test i Canada i 2000 som underkjente alle vestane.

Ifølgje Regatta ville ikkje Veritas ta omsyn til desse erfaringane, og trekte sertifikatet berre for Regatta Thermo Cruise.

— Det stoppa salet av vårt største produkt i eitt år. Omsetnaden vår blei halvert. Situasjonen var dramatisk. I tillegg blei vi stemna av Rederienes Landsforening fordi sertifikatet for vesten blei inndrege, seier Irene V. Mjelde i Regatta AS.

Lik som før

Då Regatta var i ferd med å fullføra arbeidet med ei oppgradert utgåve av termovesten, fekk firmaet 30.august i fjor tilbake sertifikatet for Regatta Thermo Cruise.

I dag kan denne vesten - som blir laga nett slik som før - seljast fritt i alle land. For i mars i år oppheva også England forbodet mot den norske termovesten, etter at norske styresmakter hadde gjort britisk kystvaktteneste merksam på uheldige testresultat også for britiske vestar.

— Vi føler oss urettvist og arrogant behandla av Veritas og styresmaktene. Det må få konsekvensar, seier Irene V. Mjelde om bakgrunnen for stemninga som er varsla.

- Ikkje grunnlag for krav

Juridisk direktør Amund Skou i Det Norske Veritas seier til Bergens Tidende at selskapet ikkje har motteke noko stevning frå Regatta AS, og hevdar at det uansett ikkje er grunnlag for eit krav frå vestprodusenten.

— Vi har i redningsvestsaka retta oss etter gjeldande rammevilkår frå norske og internasjonale styresmakter, seier Amund Skou.