— Brevet frå kommisjonen betyr berre at dei aksepterer den engelske avgjerda om at vestane ikkje kan brukast på britiske skip. Meir ligg det ikkje i denne saka, seier salssjef Irene Mjelde.

— Så du meiner dette ikkje er ein instruks til Noreg om å gripe inn og fjerne rattmerket?

— Nei, rattmerket ligg fast. Slik tolkar eg det, og slik har eg forstått at Det Norske Veritas tolkar det, seier Mjelde.