• Flygarane fekk ikkje oppgitt at rullebanen var fuktig.
  • Det mangla riller i rullebanen.
  • Terrenget ved enden av flystripa er for bratt.
  • Flygarane hadde ikkje øvd på landing med bortfall av liftspoilarar.
  • Flyselskapet tok for lett på risikovurderinga som var gjort av flyplassen. Havarikommisjonen for luftfart har ei rekkje kritiske merknader til både flyhamn og flyoperasjon i samband med ulukka 10.oktober 2006 der eit Atlantic Airways jetfly av typen BAe 146-200 ikkje greidde å bremsa og hamna i terrenget utanfor rullebanen. Der tok det fyr. Fire menneske omkom i den eksplosive brannen, tolv overlevde – inkludert begge flygarane i det færøyiske selskapet som skulle mellomlanda på Stord for å plukka opp Aker Kværner-arbeidarar.

Heile rapporten kan du lese på nettstaden til Statens Havarikommisjon for Transport.

Vassplaning

Kommisjonen offentleggjorde i dag den endelege rapporten etter ulukka. Eigentleg årsak til at liftspoilerane oppå vengene ikkje virka, har inspektørane ikkje funne, men

hovudkonklusjonen er at det blei fatalt då pilotane sette på naudbremsane på det fuktige underlaget idet luftbremsene svikta.Bruk av naudbremsene gjorde at hjula låste seg, og det oppstod ei slags vassplaning på rullebanen som gjorde at friksjonen mot underlaget blei redusert. Til sist kom flyet utanfor rullebanen, raste nedover ei bratt skråning med ein av motorane i gang, og tok fyr.

Berre eit halvt år før ulukka hadde Det norske veritas utført ein risikoanalyse av Stord lufthamn, og påpeikte at nettopp flytypen BAe 146-200 hadde høgast sannsynlege ulukkesfrekvens. Atlantic Airways fekk rapporten, men deltok ikkje på arbeidsmøte der analysen blei gjennomgått.

Hadde ikkje øvd

Havarikommisjonen påpeikar at korkje flyfabrikanten eller flyselskapet hadde utarbeidd konkrete prosedyrar for korleis flymannskapet skulle forhalda seg i ein situasjon der liftspoilerane ikkje kom ut. Pilotane hadde ikkje øvd på ein slik situasjon i simulator. BAe 146-200 har ikkje motorar som kan reverserast og fungera som brems.

Kommisjonen konkluderer óg med at terrenget utanfor rullebanen var mykje brattare enn føreskrive, og at tryggleiksområdet på flystripa burde vore forlenga med 50 meter i tråd med gjeldande krav. Desse avvika var vesentlege i høve til kor alvorleg ulukka blei, seier kommisjonen.

Havarikommisjonen rår til at det europeiske flytryggleiksbyrået EASA og flyprodusenten BAE Systems (tidlegare British Aerospace) gjer operatørar av flytypen BAe 146 medvitne på problemstillinga knytt til manglande funksjon av liftspoilerar. BAe 146-200 og etterfølgjaren BAe Avro er ikkje lenger i produksjon, men er i trafikk — blant anna for Atlantic Airways.

FLY.jpg
BERGENS TIDENDE