TBL er også kraftig misnøgd med at regjeringa frå årsskiftet fekk gjennomførd endringar i permitteringsreglane. TBL meiner det vil få som konsekvens at fleire arbeidstakarar vil bli oppsagt når bedriftene opplever slakk av di kostnadene for bedriftene ved permittering, er blitt tredobla. Konsekvensen vil også vere at viktig kompetanse går tapt.

— Aker Verdal ville ikkje ha vore der i den gode situasjonen dei er i nå med full sysselsetting i fleire år framover, utan dei permitteringsreglane vi har hatt til nå, seier Karl Nysterud, administrerande direktør i TBL.

I går presenterte han oppsummering for fjoråret og vurderte utsiktene basert på opplysningar frå 700 av dei 1150 medlemsbedriftene.

TBL er kraftig motstandar av den næringsnøytrale næringspolitikken som regjeringa står for. I staden bør ein prioritere dei næringane der Noreg har konkurransefortrinn. Frå 3. kvartal 2002 til 3. kvartal 2003 forsvann 17.000 norske industriarbeidsplassar. 9500 av desse høyrde til i TBL-industrien. Mange bedrifter flytta til utlandet, medan 60 av i alt om lag 1200 medlemsbedrifter i TBL gjekk konkurs.

TBL meiner at sentralbanksjef Gjedrem gjorde vondt verre ved stadige utsegner om at vi måtte innstille oss på at krona ville halde seg sterk, at det ville vere normalsituasjonen.

TBL minner om at vi måtte ut med kroner 7,30 for ein euro i januar i fjor, medan vi nå må ut med 8,60. Det betyr langt betre konkurransevilkår for eksportindustrien nå.