VIDAR YSTAD

— Innblandinga gjennom offentlege utsegner frå statsråden medan saka var til behandling i retten, skapte store problem for avviklinga. Alle partar i rettssaka, både retten, aktoratet og forsvaret reagerte sterkt. Difor fann eg det naudsynt å reagere offentleg, seier sorenskrivaren i Oslo tingrett, Arild Kjerschow, til Bergens Tidende.

Harde utfall

Kjerschow tok bladet frå munnen gjennom eit innlegg i Aftenposten i går. I innlegget viser han til at Solberg gjennom eit intervju i TV 2 9.desember uttala seg om ei rettssak som dreidde seg om handel med kvinner.

«Uttalelsene ga inntrykk av at hun hadde klare oppfatninger om både skyldspørsmålet og straffeutmålingen.» skriv Kjerschow og legg til: «Slike uttalelser er svært uheldige, bl.a. fordi de kan etterlate et inntrykk av at hun satt inne med opplysninger i saken og at politikere prøver å påvirke domstolene i deres dømmende virksomhet.»

Utsegnene frå Solberg førde i neste omgang til krav i retten om at statsråden vart innkalla som vitne. Det vart tautrekking i retten om spørsmålet og betydelege strid som også vart nedfelt i rettsboka. Her vart også forholdet til Grunnlova og forholdet mellom statsmaktene omtala.

Kjerschow avsluttar på denne måten:

«Det er å håpe at Erna Solberg og andre politikere som lar seg friste til å slå politisk mynt på en pågående rettssak, tar lærdom av denne fadesen.»

Refs av Devold og Solberg

For 5-6 år sidan fann Kjerschow det også på sin plass å refse ein annan av dagens regjeringsmedlemer, Kristin Krohn Devold, for å ha uttala seg om ei sak som då var til behandling i Oslo byrett.

Den gongen var Devold ikkje statsråd men medlem av Justiskomiteen på Stortinget. Og ho hadde uttala seg om fengslingsspørsmålet i saka som galdt den rasistisk motiverte knivstikkinga og det etterfylgjande dødsfallet til innvandrarguten Benjamin, som vart landskjend.

Den tidlegare jutitiariusen i Oslo byrett, Hans Bendiksby, reagerer også sterkt. Med bakgrunn i det som er nedteikna i rettsboka etter Solberg sine utsegner, seier Bendiksby til BT:

— Det er overraskande at ein statsråd ikkje innser skadeverknadene av å uttale seg på ein slik måte. Eg synest statsministeren bør seie klart ifrå om at det er skilnad på kva ein statsråd kan uttale seg om og kva folk flest kan ha ei meining om.

Avviser kritikken

Erna Solberg sjølv avviser overfor Bergens Tidende at ho har uttala seg om skuldspørsmålet og straffeutmålinga i den konkrete saka.

— Når han skriv det, kan han ikkje ha høyrt eller lese kva eg faktisk sa. Det eg sa, var at det er viktig å få domfelling i «trafficing-saker». Det er viktig for at lova skal verke førebyggande.»

Ho finn ingen grunn til å ta sjølvkritikk, men vil nå skrive eit avisinnlegg for å freiste å korrigere det inntrykket sorenskrivaren har formidla.