I staden for å møte i Stortinget under behandlinga av to saker ho er konstitusjonelt ansvarleg for, sendte ho statsrådskollega Tora Aasland til stortingsmøtet.

Sjølv var Halvorsen oppteken med å førebu seg til pressekonferansen om oljesaka seinare på dagen.

Forundra

Stortingspresident Andersen fekk telefonoppringing om rollefordelinga frå departementsråden i Kunnskapsdepartementet like før Andersen skulle gå og setje møtet i stortingssalen.

Ved opninga av møtet opplyste han om at statsråden som har det konstitusjonelle ansvaret for dei to første sakene på dagsordenen, ikkje var til stades i salen, men at regjeringa var representert ved ein annan statsråd.

Fleire er forundra ettersonm Halvorsen er kjent som ein statsråd som har stor respekt for Stortinget.

Andersen spurde om Stortinget hadde noko imot å behandle saka på dette grunnlaget.

To av visepressidentane, Per-Kristin Foss frå Høgre og Øyvind Korsberg frå Frp, ba om ordet og retta klar kritikk mot Halvorsen. Foss ba stortingspresidenten ta forholdet opp med statsministeren. Korsberg ba om at sakene vart utsett.

Presidenten ringte inn til votering.

Kvasst brev Martin Kolberg som er fungerande parlamentarisk leiar i Ap oppmoda så alle representantane frå regjeringspartia til å røyste for utsetjing av sakene, «slik denne saka står».

Framlegget vart så samraøystes vedteke.

I etterkant av møtet sendte stortingspresidenten eit kvasst brev til statsministeren. Han skriv mellom anna:

«Presidenten anser det som beklagelig at den konstitusjonelt ansvarlige statsråd uteblir fra behandlingen av egne saker uten at det skjer i forståelse med Stortinget.»

Presidenten oppmodar så statsministeren å ta dette opp med statsrådane sine «i egnet form» «slik at en unngår at noe slikt gjentar seg».

Etter det Bergens Tidende kjenner til ringte SV-leiar Kristin Halvorsen sjølv til stortingspresident Andersen då ho vart kjent med kva som hadde skjedd i stortingsmøtet, og ba om orsaking.

Det er venta at Halvorsen vil be om orsaking overfor eit samla storting ved første høve, det vil seie neste gong ho skal møte i Stortinget. Etter planen skal det vere tysdag 15.