Han kom i to omgangar med ein kanonade mot Økokrim og mot pressa for den måten han opplever å ha blitt behandla på.

Han skulda Økokrim for å vere både dommar og bøddel i saka og hevda at Økokrim har stilt han i ein offentleg gapestokk. Han hadde også harde utfall mot media, ikkje minst sin tidlegare arbeidsgjevar, TV 2.

Forsvarar Erling O. Lyngtveit hevda at retten må halde seg til at tiltalen omfattar to transaksjonar, overføringar til kontoen i Monaco i 1996 og 1997. Kva Atle Hamre har gjort seinare er utan innverknad på saka, ifølgje Lyngtveit. Han hevda at påtalemakta ikkje har gjort noko for å prove kvar pengane på kontoen i Sveits kom ifrå. Og han stilte spørsmålet om kvifor Flatland burde ha skjønt at pengane skreiv seg frå straffbare handlingar.

— Her må ein bygge på kva som blir bevist, ikkje falle ned på spekulasjonar, sa Lyngtveit.