Det opplyser kommunikasjonsdirektør Barbro Malmgren til Bergens Tidende. Dei endelege tala er ikkje heilt klare, men det kan vere snakk om eit beløp rundt 30 millionar kroner i innsparing.

«Trollet sprakk»

— Det som har skjedd i denne saka, gjev viktige signal. Mykje av dei ekstra-løyvingane som har gått til sjukehusa, har gått med til å betale kostnadene til lønn og pensjon til direktørane, seier stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) til Bergens Tidende. Ho leier Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

— Då tala kom på bordet, «sprakk trollet». Vi fekk ein debatt om løns- og pensjonsvilkår. Nå ønskjer eg den same debatten om vilkåra til andre statlege leiarar, seier Valle.

11 av dei 15 direktørane i helseføretaka hadde fått så feite pensjonsavtalar at det vekte oppstyr då avtalane vart offentleg kjent.

Departementet reagerte

Departementsråden i Helsedepartementet, Anne Kari Lande Hasle, stadfester overfor Bergens Tidende at departementet tok initiativ overfor styret i Helse Sør for å få reforhandla avtalane.

— Det vart ikkje formulert som eit pålegg. Også styret i Helse Sør kom til at det var behov for å gjere noko med pensjonsavtalane. Ein kan seie at det gjekk litt parallelt, seier Lande Hasle.

— Eg vil gje honnør til leiarane som har endra pensjonsavtalane sine. I utgangspunktet var desse avtalane bindande. Kvar og ein av direktørane har teke eit personleg ansvar på vegner av fellesskapen, uttalar administrerande direktør Asbjørn Hofsli, i Helse Sør.

Hofsli overtok som administrerande direktør etter Steinar Stokke som måtte gå, mellom anna som fylgje av strid om dei feite løns- og pensjonsvilkåra han sjølv og hans underordna hadde fått.