JØRN HELGE EGSET

Sindige ferjemenn er ikkje lett å vippe av pinnen, men dei som først kom til havaristen opplevde situasjonen som høgdramatisk. Eld slo opp og røyken velta ut av skipet, som såg ut til å vere fullstendig overtent i mørkret.

Matros Torgeir Enoksen og styrmann Øystein Henriksen frå bilferja «Solskjel» vart sett på sjøen i lettbåt straks dei kom fram til havaristen. Redningsflåtane frå havaristen var då komne i sjøen.

— Først køyrde vi bort til flåtane, som låg vel 100 meter frå det brennande skipet. Då vi hadde konstatert at alt stod bra til med dei 22 som hadde gått i flåtane, gjekk vi bort til havaristen, slik dei i flåtane bad oss om. Der tok vi om bord fire stykker til. Dei frakta vi til passasjerbåten «Fjørtoft». Det var då sju stykker igjen om bord i «KNM Orkla». Skipssjefen var temmeleg roleg, etter at han fekk kontroll på kor alle dei 33 som var mannskap om bord i «KNM Orkla» var fortel Torgeir Enoksen.

Bilferja «Solskjel» kom til havaristen like etter passasjerbåten «Fjørtoft». Like etter kom bilferjene «Smøla» og «Tingvoll» til. Saman med «Fjørtoft» starta dei sløkking, mens «Solskjel» tok seg av passasjerane.

— Eg tenkte på om det kunne vere sprengstoff om bord, seier Torgeir Enoksen, som pusta letta ut etter at alt gjekk bra med mannskapet. Starten på vakta blei alt anna enn det han hadde sett føre seg.

Sunnmørsposten/Bergens Tidende