Det var rundt klokka 16 at politiet fekk melding om ulukka. Personbilen hadde køyrd av vegen ved Velde i Sogndalsdalen og hamna i Dalavatnet.

Bilen vart liggjande på taket, og tok raskt inn store mengder vatn. Dei to personane som sat framme i bilen, ein mann og ei kvinne, greidde ikkje å kome seg ut på eiga hand. Dei vart hjelpte av passasjeren i baksetet.

— I ettertid innser dei at dette kunne gått verkeleg galt, opplyser politiet i Florø.

Dei tre, som aller er i 30-åra, kom frå det utan fysiske skader. Dei vart raskt tekne hand om i eit hus like ved og fekk skifta klede. Ein rutinemessig tur til legen viste at dei hadde kome heldig frå hendinga.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som var årsaka til at bilen hamna i vatnet. Det er derimot ikkje mistanke om promillekøyring.