• Gutelaget Faryab United var Forsvarets gjestar under Norway Cup både i fjor og i år. Det var dåverande forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) som først tok initiativet til deltakinga.
  • Guvernøren i Faryab engasjerte seg personleg for å få laget til Noreg. Han stod sjølv for laguttaket, og garanterte for at ingen av gutane ville hoppe av.
  • Luftforsvaret ordna alt det praktiske, inkludert transport til og frå Noreg. Besøket i 2009 var kostnadsrekna til 500.000 kroner.
  • Forsvaret sa i vår nei til å hjelpe eit jentelag frå Kabul til Norway Cup, sjølv om desse søkte før Faryab United – ei forskjellsbehandling som fekk påtale frå ambassaden i Kabul.