Både Aftenposten, Politiken og fleire andre europeiske storaviser trykte Åsne Seierstads reportasjer frå Bagdad under krigen i fjor. I eit debattinnlegg i Klassekampen i går vedgår Seierstad at fleire av personane ho skreiv om og siterte hadde heilt andre namn enn dei ho sette på trykk i reportasjane sine.

«Jeg spør meg: Hva betyr det for leseren at en mann heter Ali eller Abbas eller en kvinne Mona eller Aliya. Det viktigste er vel ikke hva de heter, men hva de sier ?», skriv Seierstad, og held fram, med referanse til boka «Hundre og én dag» og avisreportasjene:

«Selvsagt kunne jeg gjort leseren oppmerksom på, i en fotnote eller i forordet, at dette er fiktive navn. Det kunne jeg også gjort i avisartiklene. Kanskje gjør jeg det neste gang, om ikke annet for å tilfredsstille verdens Jensen'er».

Med det siste viser ho til den danske kritikaren Jesper Vind Jensen, som slakta Seierstads bok i danske «Weekendavisen» og som også har stilt store spørsmålsteikn ved journalistikken ho serverte frå Bagdad.

Var ikkje kjent i Politiken

I Politiken har Seierstads sjonglering med ulike identitetar i avisas spalter fått etterspel.

— Det skal gå klart fram dersom det blir brukt pseudonym i Politikens reportasjer. Det er vi beinharde på. Redaktørkollegiet har i etterkant innskjerpa desse reglane internt, seier utanriksredaktør Michael Jarlner i Politiken, som seier det har vore til dels sterke reaksjonar internt på huset på grunn av det som har hendt. Han var sjølv ikkje klar over at Seierstad opererte med fiktive namn under Irak-krigen..

— Eg tok straks kontakt med Seierstad då eg fekk vite det, og ho har beklaga det som har hendt, seier Jarlner, som i det store og heile seier seg svært godt nøgd med arbeidet Seierstad gjorde i Irak.

Også Aftenposten-redaktør Hans Erik Matre er klar på avisas politikk:

— Regelen er at vi gjengir kva intervjuobjekta våre heiter. I den grad det blir brukt dekknamn, for eksempel for å beskytte dei personane som er intervjua, skal lesarane få vite det, seier Matre.

— Kvifor er det så viktig?

— Det handlar om behovet vårt for å vere truverdige. Lesarane skal få vite det dersom vi bruker anonyme kjelder, seier Matre. Han vil ikkje kommentere saka ytterlegare, fordi han ikkje var redaktør i Aftenposten då artiklane vart trykt.

- Brot på all skikk og bruk

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening er sterkt kritisk til det synet Seierstad legg for dagen i Klassekampen.

— Det er eit klart brot på all skikk og bruk i pressa å bruke pseudonym utan å fortelje det. Det er på ingen måte likegyldig kva namn som blir brukt på intervjuobjekta. Ho får problem med truverdet for det ho skriv på denne måten. Og det forbausar meg at ho ikkje ser det sjølv, seier Øy.

Utanriksredaktør Nils Morten Udgaard i Aftenposten meiner Seierstad kanskje burde klargjort at det vart brukt pseudonym, men meiner ikkje det var nokon stor feil at så ikkje skjedde.

— Vi i Aftenposten var klar over at enkelte namn var endra. Men det viktigaste for oss var at kjeldene vart verna mot represaliar frå regimet i Bagdad, det var det vi var mest opptatt av. Eg har stor sympati for Seierstads vurderingar i denne saka, seier Udgaard.

Også generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund forsvarer Seierstad.

— Eg meiner dette er ein bagatell. Sjølvsagt blir truverdet styrka dersom lesarane får vite kva kjelder som er anonyme og kven som ikkje er det. Men eg kan ikkje sjå at dette har stor praktisk betydning i denne saka, seier Kokkvold, som var jurysekretær då Seierstad fekk Den Store Journalistprisen i 2003.

  • Les også kva Åsne Seierstad seier til kritikken
FORSVARAR SEG: Eg kan ikkje begripe at det spelar noko stor rolle om eg kallar folk for Per eller Pål, seier Åsne Seierstad til BT. Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening meiner det er eit klart brot på all skikk og bruk i pressa å bruke pseudonym utan å fortelje det. <p/> ARKIVFOTO: SCANPIX