Stortingsrepresentant Hagesæter er bekymra over at så mange Afghanistan-veteranar trur dei har tatt liv i Afghanistan.

— Tala er urovekkande høge, det må eg seie. Storting og regjering har sendt unge menn og kvinner ut i ein blodig krig. Men eg hadde ikkje trudd at så mange har opplevd å ta liv.

Frykter traumatiserte veteraner

Eg er redd dette vil ha menneskelege kostander for dei som kjem heim i mange, mange år framover, seier Hagesæter.

Onsdag stiller han spørsmål til forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i Stortingets spørjetime.

Han vil vite kvifor sjølvmordstal ikkje er undersøkt, og om det går an å stole på at undersøkinga gir eit sant bilete av situasjonen.

Trur dei har drepe fleire tusen

940 norske Afghanistan-veteranar trur at dei har drepe under teneste i Afghanistan. Svara dei har gitt i den store Afghanistan-undersøkinga, som vart lagt fram måndag, tilseier at dei norske styrkane har tatt nærare 3000 liv, dersom soldatanes eigne opplevingar av kampane stemmer med realitetane.

Også Snorre Valen (SV), nestleiar i forsvars— og utenrikskomiteen, er overraska over at norske soldatar truleg har drepe så mange afghanarar i kamp.

— Dette viser at det har vore eit gap mellom den offentlege førestillinga av kva vi har gjort i Aghanistan og kva dei norske soldatane faktisk har opplevd, seier Valen.

Stortingsrepresentanten meiner at vi bør ta med oss denne erkjenninga inn i den vidare oppfølgjinga av dei cirka åtte tusen norske soldatane som har tenestegjort i Afghanistan.

SV åleine mot krigen

I mange år nekta statsminister Jens Stoltenberg og dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre å omtale krigen i Afghanistan som ein krig.

I 2001 var det berre SV som ytra motstand mot bombinga av Taliban-regimet og den etterfølgjande invasjonen av Afghanistan.

— Den gang blei det argumentert med at det ville vera ein avgrensa og rask militæroperasjon. No har vi fasiten, som viser at det har vore en 12 år lang og blodig krig, seier Valen.

I dag er det regjeringa åleine som bestemmer om norske kampstyrkar skal takast i bruk i utlandet eller ikkje. Det vil SV ha en slutt på.

— Vi har lagt inn forslag til grunnlovsendring om at Stortinget bør vere myndigheit som godkjenner bruk av norsk militærmakt. Både fordi det er meir demokratisk, men også fordi vi får ein betre offentleg debatt rundt bruken av militærstyrkar, seier Valen.

- Turte ikkje å svare

Gjermund Hagesæter tenestegjorde sjølv som FN-soldat i Libanon, og fortalde i BT ifjor korleis han var med på å ta liv der.

— Fleire av dei eg var i lag med for 30 år sidan slit framleis med det dei opplevde, og dei kjem truleg til å slite med det resten av livet, seier Hagesæter.

Han fryktar at dei reelle tala kan vere enda verre, blant anna fordi 43 prosent av veteranane ikkje har svart.

— Fleire har tatt kontakt med meg og fortalt at dei ikkje turte å delta, fordi dei var redde for at Forsvaret skulle finne ut kva dei hadde svart, seier Hagesæter.

Forsvarets sanitet har garantert full anonymitet, men ifølgje Hagesæter har detaljerte spørsmål om grad, tenesteperiode, alder og tenestetype gjort mange usikre.

— Eg trur dessutan mange kan ha pynta på svar som handla om psykisk helse og alkoholforbruk.

Halvparten er fortsatt i teneste i Forsvaret, og kan ha frykta at problema skulle bli kjent i systemet, seier Hagesæter.

Etterlyser sjølvmordstal

Forsvaret har ennå ikkje fortalt om Afghanistan-veteranar har tatt livet sitt. 17 veteranar har døydd etter at dei kom heim, og Forsvaret har lova å seie meir om dødsårsakane i løpet av våren.

— Det er veldig uheldig at denne informasjonen blir halden attende. Vi må vere opne om kostnadane av innsatsen. Berre slik kan vi også få på plass eit tilbud for dei som slit, seier Hagesæter.

Han meiner regjeringa ikkje har gjort jobben sin med å ta seg av veteranane.

— Vi må få på plass eit landsdekkjande lågterskeltilbud for desse folka. Dei fleste veteranane går det veldig bra med. Dei som får problem skal ha hjelp, seier Hagesæter.

KRITISK: Gjermund Hagesæter (Frp) veit at fleire veteranar ikkje har våga å svare på Afghanistan-undesøkinga.
Håvard Bjelland