— Frp og dei andre set fokus på skattelette og personleg vinning. Vi treng balanse mot høgrekreftene, meiner student Charlotte Linn Pedersen (31).

Ho bur i Konsul Børs gate, og har nettopp gitt si stemme til RV. I denne bydelen er riktignok ikkje det særleg originalt. For ingen stemmer raudare enn dei som bur her: I 1999 fekk RV 21,5 prosent av stemmene i denne bydelen.

— Det er landets beste valgkrins for oss. Kanskje med unnatak av Tyssedal, seier Hilde Kalleklev i RV.

Men i vallokalet på Møhlenpris skole er det høgremannen Henning Warloe som regjerer. Og han er raus med politiske motstandarar sidan det er valdag:

— Uavhengig av partitilknyting er Torstein Dahle ein fin representant for bydelen, og ein populær politikar.

STEMMER RAUDT: Charlotte Linn Pedersen (31) gjer som mange andre på Møhlenpris: Ho stemmer RV.
FOTO: BJØRN ERIK LARSEN