Dei mest regjeringslojale i partiet vil ikkje ha henne.

Av same grunn har ho sterk støtte frå andre delar av partiet. Dei ynskjer nettopp Fiskaa som uredd kritikar, ubunden av arbeid i regjeringskontora, inn i toppleiinga i SV; kanskje ikkje så mykje for å halde Kristin Halvorsen i øyra, sjølv om det finst dei som ser behov for det også, som for å markere SV sin profil.

Vil ha partidemokrati

— Ja eg ynskjer å bli nestleiar i SV. Det har vore veldig hyggeleg med alle oppfordringane om å stille, og eg har veldig lyst - reise rundt til lokallaga, bygge organisasjon og drive politikk, seier Ingrid Fiskaa. Vi møter henne på studentfabrikken på Blindern i Oslo.

— Vi er ikkje einige om alt, men i alle vesentlege spørsmål er Kristin og eg samde. Og eg har veldig stor respekt for den jobben ho gjer i regjering. Vi samarbeider godt, seier Ingrid Fiskaa.

— Det er viktig at ein har demokratiske prosessar i partiet også i vanskelege saker. Eg seier ikkje at vi skal ha uravrøystingar i alle saker. Men sentralstyret og landsstyret må bli involvert, seier Fiskaa, med klar adresse til striden om å sende spesialstyrkar til Kabul i Afghanistan. Den skapte bruduljer internt.

— Eg ynskjer at SV skal vere eit annleis parti - også i regjering med rom for opne debattar. Eg ynskjer ein partiorganisasjon som verkar inkluderande også overfor miljø og grupper vi arbeider saman med i dei viktige kampane som går føre seg.

Eg er overtydd om at meir offentleg debatt om saker som miljø, fordeling, velferd og utanriksspørsmål vil gje SV oppslutnad frå mange fleire enn dei som til vanleg røystar på oss.

— Opne dører og debattar er også viktig ut frå ein demokratisk rettferdstankegang: maktforholda blir annleis. NHO får alltid innpass og veit kva som skjer også bak stengde dører. Det er ikkje like lett for miljørørsla.

Varm regjeringstilhengar

Dei som trur at Fiskaa er kritisk til regjeringsprosjektet, må tru om igjen.

— Regjeringsprosjektet er veldig viktig for Noreg og for SV. Dette vart heilt tydeleg markert under valkampen i 2005: valkampen og valresultatet var uttrykk for eit ynskje om ein ny politisk kurs i Noreg. Mange var lei høgre-bølga. Og vi veit at mange er viljuge til å betale meir skatt for å få betre offentleg velferd. Det har vore ei tydeleg endring i opinionen som ynskjer ei betre fordeling av goda. I dette regjeringsprosjektet er det SV som tydelegast står for denne kursen og som står for fornyinga.

— Det er då viktig at regjeringa gjennomfører oppdraget og mandatet sitt: gjere noko med fordeling av ressursar og makt. Det inneber styrking av velferd og å redusere klasseforskjellane.

Nå er Fiskaa redd at Frp skal greie å mobilisere og rekruttere på folks misnøye med manglande oppfølging i velferdspolitikken.

— Frp er dyktig til å mobilisere på verdispørsmål og maktar å framstå som at dei tek folk på alvor. Dei utnyttar reaksjonen mot byeliten, ein akademisk elite som ofte tek avstand frå vanlege folk sin måte å leve på.

- Steg i feil retning

Ingrid Fiskaa har hatt eit brennande engasjement mot krigen i Afghanistan. Ho har demonstrert mot regjeringa sine vedtak, først mot å sende krigsfly, sidan mot å sende spesialstyrkar til Kabul.

— Vedtaket om å sende spesialstyrkar til Kabul var eit steg i feil retning. Krigen kan godt flytte dit. Då blir det avstand mellom regjeringa sine ord om at ein ikkje trur på ei militær løysing, og handlingane. Eg trur heile Nato-alliansen kan stå på spel i Afghanistan. Hadde eg vore ihuga Nato-tilhengar ville eg vore djupt uroleg over at Nato engasjerer seg så tungt i landet. Nå har Nato overteke den same brutale krigen som den amerikanske operasjonen Enduring Freedom dreiv. Det betyr at situasjonen er endra sidan forhandlingane på Soria Moria om engasjementet i ISAF-styrken, seier Fiskaa.

Fiskaa er oppteken av å utnytte og bygge alliansar for å få gjennomslag for mest mogeleg av SV sin politikk:

— Det finst alltid folk i Sp og i Ap som er samde med SV. Fleire folkelege organisasjonar er ofte viktige alliansepartnarar for SV.

- Nederlag for miljøet

— Nemn nokre sigrar og tap i regjering?

— Vi har fått mange sigrar i regjering: stopp i privatisering av skulen, hindre forverringa av arbeidsmiljølova, trekt styrkane ut av Irak, trekt ein del krav mot u-landa i WTO-forhandlingane.

— På den andre sida meiner eg det var urimeleg å vente så mange år på rensing av utslepp frå gasskraftverk på Mongstad. Det er ein underleg situasjon at staten gjev seg i forhandlingar med eit i hovudsak statseigd selskap som Statoil. Det er ikkje SV, men miljøet som her har lidd nederlag. Det finst teknologi, den er rett nok ikkje norsk, men den kunne nyttast og utviklast på same måte som ein har importert og utvikla petroleumsteknologi i Noreg.

Bjelland, Håvard