— Vi har ei eiga evne til å usynleggjere sigrane våre og eigen innsats. I løpet av dette landsmøtet skal vi saman ta skeia i ei anna hand. Vi må oppsummere det vi får til, kunngjorde Halvorsen for landsmøtelyden.

«Devaluert»

Til pressa etterpå fastslo ho at SV sjølv har devaluert eigen innsats i miljøpolitikken. Ho gav uttrykk for at ho er sikker på at landsmøtet vil vise at partiet står samla om å markere verdien av det ein oppnår i regjeringsposisjon.

Under landsstyremøtet onsdag heldt Halvorsen, ifylgje BT sine kjelder, ei endå sterkare formaning om å samle seg om det positive.

— Ja. Kristin seier nå klart ifrå om at vi må bli flinkare til å fortelje kva vi oppnår i regjering. Lista over sigrar er mykje lengre enn tapslista, seier Kjellbjørg Lunde til Bergens Tidende. Ho er tidlegare parlamentarisk leiar i SV.

— Landsmøtet og alle i SV må slutte å skape inntrykk at vi ikkje oppnår noko særleg ved å sitje i regjering. Sett utanfrå må eg seie at det ikkje har vore meir styr enn ein måtte vente, seier Lunde.

«Trumfkort»

Halvorsen kom til landsmøtet med det som mange oppfattar som eit trumfkort: Avgjerda som regjeringa kunngjorde sist laurdag om å normalisere kontakten med den palestinske regjeringa. Som første land i den vestlege verda avviklar Norge alle økonomiske sanksjonar mot dei palestinske områda.

— Eit betre prov på kva det betyr at SV sit i regjering kunne ein vel knapt fått, seier SV-veteranen Stein Ørnhøi, som har mange år bak seg på Stortinget.

— Det er vel ingen som har fantasi nok til å tru at dette ville skjedd utan at SV sat i regjering, legg han til.

Mot eit slikt utgangspunkt meiner mange observatørar på landsmøtet at kritikken som ein kunne ha venta på det første landsmøtet i partiet etter regjeringsdanninga, fell på steingrunn.

Problemsakene

Det er manglande resultat i miljøpolitikken og striden om norsk deltaking i Afghanistan som har skapt dei største påkjenningane for SV.

Her har ein måtte tole kritikk frå utsida, men ikkje minst internt. Vedtaket om å sende spesialstyrkar til Kabul skapte krisestemning og oppvask i det førre landsstyremøtet.

Halvorsen tek nå til orde for at Noreg bør forplikte seg til å kutte utsleppa av klimagassar med 30 prosent innan 2020. Ho meiner det bør bli resultatet av eit breitt klimaforlik i Stortinget.

Utfordringa nå er at det einaste partiet, bortsett frå Frp, som til nå ikkje har gått inn for dette, er regjeringspartnaren Ap.

Halvorsen kunne i går ikkje seie når og kva regjeringa vil lande ned på av standpunkt i denne saka.

Ordninga med kontantstøtte er ein torn i auget på SV. Halvorsen går nå inn for at dei raud-grøne regjeringspartia skal programfeste avvikling av kontantstøtta i «den neste Soria Moria-erklæringa» etter valet i 2009.

Men landsmøtet skal alt i år behandle eit framlegg om å starte avvikling av kontantstøtta alt frå 1. januar 2008.