VIDAR YSTADOslo

– Bakgrunnen for dette er merksemda den siste tida omkring problem med å få personar dømde for rasediskriminerande handlingar, uttalar riksadvokat Tor-Aksel Busch til Bergens Tidende.

Streng straffeforfylging For det første minner riksadvokaten om at han tidlegare har uttala at saker som gjeld rasediskriminering skal prioriterast høgt. Sakene skal få grundig behandling med streng og konsekvenst straffeforfylging.

For det andre krev han nå å få tilsendt kopi av alle positive påtaleavgjerder i saker som gjeld rasediskriminering. Politiet skal sende avgjerdene til statsadvokatane, og statsadvokatane skal sende sine avgjerder til riksadvokaten kvartalsvis.

Dette gjeld både § 135a og §349a i straffelova og § 85 i arbeidsmiljølova.

Skjerpa inspeksjon For det tredje pålegg riksadvokaten statsadvokatane å sjå spesielt etter oppfylging av saker som gjeld brot på rasismeparagrafane. Dette skal statsadvokatane ha for auge under inspeksjonen av politidistrikta.

Riksadvokaten strekar under at det er spesielt viktig å undersøke forholda dersom politiet ikkje har sendt inn framlegg til tiltalar i slike saker, sidan siste inspeksjon.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch seier til Bergens Tidende at dei nye retningslinene gjeld frå og med i dag.

I tråd med Høgsterett Busch seier samstundes at påtalemakta sitt arbeid med denne typen saker, slik han kjenner den, er i tråd med dei signala som Høgsterett gav gjennom plenumsdommen i Kjuus-saka.

– Grunnlovsvernet av ytringsfridomen ligg svært nær den praksisen påtalemakta har lagt seg på. Vi hadde i lengre tid vore ute etter ei prinsippsak, og det fekk vi gjennom Kjuus-saka, seier Busch.

– Krev Grunnlovsendring – Høgsterett slo i den dommen samstundes fast at ytringsfridomen står sterkt slik den er nedfelt i Grunnlova. Det inneber også etter mitt syn at ei sterk endring av rasismeparagrafen 135 a i straffelova, for å råke fleire forhold, kan vere problematisk. Eg trur det er stor fare for at Høgsterett då ville uttale at ei slik endring av rasismeparagrafen, ville kome i strid med Grunnlova, seier Busch, og legg til:

– Etter mitt syn vil det då vere påkravd å endre Grunnlova. – Vil det innebere ei innsnevring av ytringsfridomen?– Nei, det treng ikkje bety det. Men det kan vere snakk om nærare presiseringar.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch sendte i går eit nytt direktiv til statsadvokatane og skjerpar oppfylginga av rasediskriminerande handlingar.