ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.noVoss

Det er ein deppa hotelldirektør og varaordførar Knut Thorbjørnsen som konstaterer at inntekter på 150.000 kroner gjekk "rett i do" grunna alarmerande meldingar om snøskred og stengde vegar. — Slikt er ekstra surt når vi har ein rastrygg alternativ veg over Ulvikhøgda som er open, seier han til Bergens Tidende. Men folk si redsle kan ein ikkje gjera noko med, konstaterer han. Vegen over Ulvikhøgda er ingen omveg. Frå Bergen over Norheimsund er kilometertalet ganske nøyaktig det same, men ein kan halda større fart gjennom Vallaviktunnelen enn over høgda. Via Voss er vegen over høgda nokre kilometer kortare, men tidsbruken er ganske lik. Kortaste vegen mellom Bergen og Ulvik er faktisk over Voss og Ulvikhøgda. - Det er fortvilande at den alternative, rastrygge vegen aldri vert nemnd i meldingane om ras og vegstengingar, seier Thorbjørnsen. Han meiner at Vegstellet må vera kjapt ute med skilt i Granvin og på Holven som fortel at vegen over høgda er open, sjølv om vegen langs fjorden er stengd. Dessutan må brøyteinnsatsen aukast. - Vegen over Ulvikhøgda er grei å køyra dersom han er godt utbrøytt, seier han. Viktigast er det likevel at styresmaktene følgjer opp lovnadane sine og sikrar Hardangervegane betre mot ras - Slike rammevilkår har vi ikkje fortent. Det slår beina under oss. I fjor var det oljeindustrien som svikta, no blir gjestene bortskræmde av ufullstendige meldingar om rasstengde vegar, fortvilar Thorbjørnsen. - Vi har arbeidsfolk å ta vare på også. Det er surt å måtte ringa rundt og fortelja at det ikkje blir noko av det arbeidet som dei hadde rekna med, seier han. Av dei 120 årsmøtedeltakarane skulle 100 ha ei overnatting, resten to. Med andre ord arbeid over tre dagar for hotellpersonalet og ekstrahjelp.