— Det norske samfunnet er slik innretta at den som ikkje eig eigen heim endar i fattigdomsklemma. Då må du resten av livet betale husleige i tråd med marknadspris, seier Holand og legg til:

— Rådet om å eige sjølv er blitt ytterlegare aktualisert dei siste åra fordi mange utviklingshemma er blitt pålagd av kommunen å flytte. Slik tvangsflytting slepp du som huseigar.

— Etableringstilskotet dekkjer opp mot halvparten av kostnaden.

— Men det var lettare for nokre år sidan, då alle utviklingshemma automatisk fekk tilskot til bustadkjøp. No er tilskotet gjort behovsprøvd. Den som møysomeleg har lagt til side litt eigenkapital, risikerer å få avslag på søknaden om etableringstilskott, seier ho.

- Bergen i bakleksa

I Bergen står 200 utviklingshemma på venteliste til eigen bustad. 60 av desse har «akutt behov». I juni fekk byrådet pålegg frå bystyret om å lage ein truverdig utbyggingsplan.

Oscar Eide, leiar i fylkeslaget til NFU, meiner Bergen er blitt sitjande fast i 70-talsløysingane som handla om å byggje bukollektiv for alle.

— Nokre utviklingshemma ønskjer å bu kollektivt, men langt frå alle. Bergen kommune burde oppmuntre fleire til å kjøpe seg ein ordinær bustad, i staden for å vente på ein plass i kollektiv, seier Eide til Bergens Tidende.

- Velkomen

I Austevoll ønskjer helse og sosialsjef Arve Sunde nybygget til Asgeir Sivertsen velkomen.

— Det er fantastisk dersom folk finn løysingar dei kan vere tente med, seier Sunde.

Austevoll kommune reiste mange bustader då HVPU-reforma blei gjennomført tidleg på 90-talet. Sidan har kommunen nedlagt eit av to bukollektiv med døgnbemanning. Det finst ikkje planar om nye utbyggingar, sjølv om trongen er der.

Arve Sunde minner om at bøygen for kommunen ikkje er byggjeutgiftene, men kostnaden ved å yte hjelp til dei som bur i eigen heim.