ROY ELLINGSEN

— Det ligg ein straffereaksjon i måten den nye kontrakten er utforma på. Raoul går kraftig ned i grunnløn slik at han må spele for å komme opp på det nivået han ligg på i dag, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

Dagen etter at dei reiv seg i håret grunna poengtap på overtid, var det igjen tid for glede i Sogndal. Dei unge berebjelkane Anders Stadheim (23) og Raoul Kouakou (23) har skrive nye kontraktar med klubben.

— Det har vore ei tøff veke, men vi må vende det negative til noko positivt. Det føler eg at vi no har gjort, seier, Trond Fylling om kontraktane som varar ut sesongen 2006.

Fylling seier og at klubben regner seg ferdig med Raoul si utvising i Skien sundag.

— Det er vi heil klart. Raoul kjem ikkje til å få noko særskild straff etter utvisinga. Vi veit heller ikkje sikkert kva som hendte, seier Fylling.

I Sogndal veit dei at Kouakou ikkje kjem til å bli i fruktbygda resten av livet.

— Vi vonar at når vi er i oktober 2004 så skriv avisa at Raoul ikkje har vore utvisa på eit år og at det er mange stor klubbar i verda som vil kjøpe han.

Fylling er trygg på at framtida i SIL no er sikra.

— Dette er to unge spelarar vil får mykje glede av i åra så kjem. Vi var veldig skuffa sundag, men vi veit at vi er på rett veg, avsluttar Trond Fylling.