— Du veit, det er god glød i gammal, knusktørr ved! seier han på sin underfundige måte, den tidlegare fylkesmannen og mangeårige stortingsrepresentanten frå Bømlo.

77-åringen er framleis partitru, om noko skulle vera i tvil om det. Men som leiar i Hordaland Senior Høgre er han likevel vonbroten over tendens og innstilling i eigne rekkjer: så snart folk nærmar seg pensjonsalderen, er dei ikkje lenger interessante - bortsett frå som listefyll.

Men no skal det bli ein annan dans. Når det nærmar seg nominasjonskampen oppunder stortingsvalet i 2009, skal oppegåande seniorar i Høgre visa at det er «god glød» i dei.

Galt å kapitulera

— Det er for gale at det er så få pensjonistar på Stortinget. Her har alle parti svikta. Den eldste i dag er vel Inge Lønning, som enno ikkje er sytti. Alle hugsar vel kor vital og aktiv John Alvheim frå Frp var? Han var godt over vanleg pensjonsalder før han gav seg på Stortinget. Nei, Høgre har ikkje vore særleg flink til å bruka oss, sukkar Randal.

Og legg til:

— Eldre menneske har jamt over vore for smålåtne, og sagt som så at «no har vi vore gjennom det meste, så no får vi halda kjeft og sleppa dei unge til». Det er ikkje rett å kapitulera på den måten, for dei folkevalde både i kommunestyra og på Stortinget bør vera eit tverrsnitt av folket. Ein må ikkje gløyma at 30 prosent av innbyggjarane i kongeriket er over 65 år. Det er jo ganske mange som har krav på å vera representerte.

— Har du sjølv noko å klaga over?

— Ikkje personleg. Men det var ein vekkjar då eg som fylkesmann i Hordaland konstaterte at det mest var andre enn høgrefolk som tok kontakt med meg ...

- Politisk galskap

Håkon Randal representerte Hordaland Høgre på Stortinget frå 1973 til 1985, då han avløyste Lars Leiro som fylkesmann. No er det ti år sidan han gav seg og vart pensjonist. Randal har hatt flust av gjeremål. Men han er forundra over at «alle 40-åringane» som styrer landet ikkje har oppdaga kor stor ressurs av spreke pensjonistar som er ubrukt:

— Her er det om å gjera å la jentene koma til sin rett, å ta innvandrarane i bruk, og i tillegg leita med lys og lykte i utlandet etter fagfolk som vi treng. Men seniorane tenkjer ein lite på. Det er politisk galskap å ikkje vera meir fleksible med tanke på å lokka dei eldre tilbake i arbeidslivet. Her kan mykje gjerast, både i høve til fleksibel arbeidstid og skatteordningar, seier Randal.

Berre «sengeplass»?

Han mislikar sterkt at «alle 40-åringane» stadig snakkar om sengeplassar, pleie og omsorg når dei drøftar eldrepolitikk.

— Ein skulle tru at dei fleste som passerer 65 år eller der omkring først av alt treng institusjonsplass! Det er berre ein brøkdel som har eit slikt behov - og då helst i livets sluttfase. Men eg er stygt redd for at denne firkanta tenkinga får vi ikkje slutt på før vi greier å senda fleire oppegåande pensjonistar inn på Stortinget.

— Vil du sjølv ta ein ny tørn?

— Å langt ifrå. Eg har gjort mitt der!

SNEVERSYNTE: Håkon Randal er lei av «alle 40-åringane» som er så sneversynte i høve til eldre som unytta ressurs.
Lillebø, Jan M.