Dette kjem fram i ei innstilling frå kontrollkomiteen på Stortinget. Innstillinga gjeld årsmeldinga frå Kontrollutvalet for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet).

EOS-utvalet slo i årsmeldinga for 2005 kraftig ned på ein rutinesvikt i Forsvaret, som hadde gjort det mogeleg for den seinare drapsdømde Trond Ramsland å samle store mengder graderte dokument.

— Forundra

EOS-utvalet retta krass kritikk mot Forsvaret for behandling og oppfylging av denne saka. Det kom fram at EOS-utvalet måtte knegå Nasjonal Sikkerhetsmyndighet og Forsvarets Sikkerhetsavdeling for å få dei til å setje i verk undersøkingar. Utvalet ville vite korleis så omfattande og vedvarande brot på reglane for dokumenttryggleik kunne pågå gjennom fleire år.

Berre SV og Frp sine medlemer i kontrollkomiteen, fylgjer opp den alarmerande rapporten frå EOS-utvalet på dette punktet. Ap, H, Sp og KrF sine medlemer har ikkje vore interessert i å gå nærare inn på denne saka. Sp og KrF er represententert i komiteen med sine parlamentariske leiarar, Magnhild Meltveit Kleppa og Dagfinn Høybråten.

— Vi ynskjer å seie klart frå til Forsvaret om at dei må ta tak i desse problema. Eg må seie eg er litt forundra over at ikkje dei andre partia uttalar om dette, seier komitéleiar Lodve Solholm (Frp) til Bergens Tidende.

Ramsland-alarm

SV sitt medlem i kontrollkomiteen, parlamentarisk leiar Inge Ryan, har funne grunn til å kome med ein omfattande særmerknad. Den går direkte på Ramsland-saka.

I innstillinga heiter det:

«Dette medlem viser til at en tidligere offiser oppbevarte mange tusen sider graderte dokumenter i sin privatbolig og andre steder utenfor Forsvaret. Dette medlem konstaterer at ingen overordnet myndighet har avdekket dette omfattende brudd på regler for dokumentsikkerhet, selv om den tidligere offiseren oppbevarte originale dokumenter, og dokumentene man fant stammet fra forskjellige tjenestesteder. Dette medlem mener derfor at dette er en svært alvorlig sak og at omfanget tyder på en systemsvikt for ivaretakelse av dokumentsikkerhet.»

Ryan understrekar at prinsippet om likebehandling må fylgjast for at reglar, handheving av reglar knytt til dokumenttryggleik og klarering skal ha den legitimitet som krevst.

Milliardinvesteringar

Endå krassare er Frp sine merknadar, målbore av komiteleiaren, Lodve Solholm, og visepresidenten i Stortinget, Carl I. Hagen.

Dei skriv mellom anna:

«I forbindelse med en kriminalsak, ble det avdekket omfattende brudd på dokumentsikkerhetsbestemmelsene i Forsvarets Militære Organisasjon (FMO). Disse medlemmer registrerer at EOS-utvalget mener at alt tyder på at det her foreligger en systemsvikt.

Disse medlemmer ser alvorlig på denne konkrete sak og mener at den militære sikkerhet må holdes på et høyt nivå og på ingen måte svekkes.»

Dei viser til og held dette opp mot at det er gjennomførd milliardinvesteringar i Forsvaret for å trygge landet mot åtak frå ein ytre fiende.

KREV HANDLING: - Forsvaret må ta tak i desse problema, seier Lodve Solholm (Frp).