— Dette er heilt nødvendig for å gjenopprette tillit, seier nestleiar i rådet, Marie Kleppa, til Bergens Tidende.

Eit samla landsråd står bak kravet. Landsrådet er sett saman av dei 13 distriktsleiarane i Redningsselskapet. Det er dei same 13 som vil utgjere det ekstraordinære landsmøtet som skal velje nytt styre i selskapet 14. januar.

— Heile rådet står bak at det no er nødvending med ei gransking av selskapet. Vi har avgjort at det skal setjast ned eit eksternt granskingsutval, seier Kleppa.

Etter det Bergens Tidende kjenner til er det konkrete mandatet til granskingskommisjonen ikkje fastsett. Men i utgangspunktet er meininga at granskarane skal ha fullmakt til å snu dei fleste steinar.

Til Bergens Tidende seier nestleiaren at bakgrunnen for landsrådet sitt standpunkt er dei mange rykta som verserer i selskapet.

— Over ein perioden på kring ti år no har det vore ein rykteflaum om det som går føre seg der inne. Dette kan ikkje halde fram, og vi meiner ei uhilda gransking må til.

— Du seier «der inne», er det hovudadministrasjonen på Høvik du då siktar til?

— Ja.

Marie Kleppa ønskjer ikkje å seie noko om det er konkrete rykte landsrådet har hatt i tankane, Nestleiaren understrekar at ho håpar det eksterne granskingsutvalet ikkje skal finne noko å setje fingeren på.

— Men heile rådet føler at dette er noko vi er nøydde til å gjere, for at folk skal få tilbake trua på selskapet.

— Er det sett nok tidsfrist for når ein slik gjennomgang skal vere avslutta?

— Nei, men rådet har peika ut to personar som har fått klart ansvar for å setje dette arbeidet i gang.