Lista er lang, men her er nokre utvalde punkt:

  • Ikkje gå aleine «på by'n» i Høyanger og Årdal. Hold saman, vær minst to.
  • I Høyanger og Årdal skal dei bruke overnattingsstader med resepsjon og fleire andre gjester.
  • Dei skal vere på vakt mot unormale hendingar, og orientere kvarandre og Hydros Emergency Team om slike.
  • Dei skal unngå store menneskemengder, gå utanom og ha ryggen fri. Ikkje oppsøke oppheta situasjonar, men gå rolig vekk frå slike.
  • Toppane blir bedne om å oppføre seg mest mogeleg normalt, og ikkje vise at dei tenkjer meir på tryggleiken enn vanleg. Dei skal ikkje vere arrogante, ikkje bli hissige og trekkje seg rolig tilbake om nødvendig.
  • Dei blir oppmoda til å bryte faste vanar, t.d. joggetidspunkt og ruter, og orientere familien om endringane.
  • Dei skal ikkje gå heim dersom dei føler seg truga eller lurer på om nokon følgjer etter dei. Gå til ein plass med andre menneske, eksempelvis hotell, bensinstasjon, politi eller vakta på Hydro.
  • Dei skal ha klar sentrale telefonnummer til eksempelvis politi, Hydro Aluminiums Emergency Team, prosjektgruppa og leiinga i Hydro Aluminium.
  • Dei skal be kollegane om ikkje å fortelle framande kvar dei er.