Det gjeld ikkje minst oppstyret rundt Victor Norman, Kristin Krohn Devold og Medhaug-saka.

Forholdet mellom statsråd Victor D. Norman og statssekretæren hans, Christine B. Meyer, vart ei offentleg sak i oktober 2003. Men meir enn eitt år tidlegare, i juli 2002, hadde statsministerens kontor og statsminister Bondevik blitt orientert om at det var eit forhold mellom Norman og Meyer.

Slo alarm

Meyer sin dåverande ektemann hadde sjølv slege alarm overfor statsministerens kontor. Før statsministeren vann å ta saka opp med Norman, kontakta Norman Bondevik og stadfesta at det hadde vore eit forhold, men at det nå var avslutta.

I desember 2002 vart både statsminister Bondevik og statsråd Norman konfrontert med opplysningar om forholdet. Norman sjølv nekta den gongen for at det var eit slikt forhold og at det nokon gong hadde eksistert eit slikt forhold.

I boka skriv nå Bondevik at statssekretær Meyer «senere hadde et forhold til og ble gift med Victor D. Norman». I tid plasserer Bondevik «forholdet» til etter Meyer sin avgang. Ho gjekk av som statssekretær 17. januar 2003.

I skotlina

Omstillingane i Forsvaret og manglande økonomistyring var eit vedvarande tema i forholdet mellom regjering og opposisjon i Bondevik II-regjeringa. Målet for kritikken var særleg forsvarsminister Kristin Krohn Devold.

Utover vinteren og våren 2005 auka kritikken slik i styrke at det osa mistillit frå Stortings-fleirtaletet.

Bergens Tidende er kjent med at Bondevik på dette stadiet var innstilt på å «ofre» forsvarsministeren for å lette trykket mot regjeringa. Men då opposisjonsleiar Jens Stoltenberg unnlet å fylgje opp med å seie B etter at han først hadde sagt A, slapp Bondevik å sparke Krohn Devold.

I staden avslørte saka at Stoltenberg var så sugen på å vinne valet til hausten at Stortinget ikkje fylgde opp sine eigne kontrolloppgåver. Det var sterk strid i Arbeiderpartiet, men Stoltenberg var redd for at Bondevik skulle kaste korta slik at Stoltenberg vart nøydd til å innta regjeringskontora berre fire månader før valet.

Bondevik skriv ingenting om dette. Han nøyer seg med å fortelje at «vi var alle fortvilet over for svak økonomistyring i deler av Forsvaret». Han fortel at Krohn Devold sa det var sett i verk tiltak for å betre styringa og at den store overskridinga kom overraskande.

«Som ansvarlig statsråd måtte hun tåle kritikk fra opposisjonen, men som den «fighter» hun er, slo hun godt fra seg», skriv Bondevik. Det er også alt han skriv om dette emnet.

Medhaug-saka

Bondevik skriv også litt om den mykje omtala Medhaug-saka. Framstillinga er misvisande for ikkje å seie direkte feilaktig.

Jan Birger Medhaug var fylkesvaraordførar, og han var fylkesordførar-kandidat for KrF i Rogaland framfor fylkestingsvalet i 2003. Bondevik skriv at KrF sommaren og hausten 2003 vart prega av Medhaug-saka. Han var skulda for valdtekt av ei jamgamal kvinne.

«Saken endte med at politiet henla saken som intet straffbart forhold. I tingretten ble Medhaug frikjent for anklagen om seksuelle overgrep», skriv Bondevik.

Dette er faktisk feil. Saka endte med at statsadvokaten la vekk saka som intet straffbart forhold. Politiet ville legge saka «etter bevisets stilling» som ville vore langt mindre bra for Medhaug. Avgjerda frå statsadvokaten vart oppretthalden av riksadvokaten.

Deretter gjekk kvinna til sivilt søksmål mot Medhaug for å krevje erstatning for eit påstått seksuelt overgrep. I denne saka leid kvinna fullstendig nederlag, men har seinare anka dommen.

Oppstyret rundt denne saka fekk langvarige fylgjer og var sterkt medverkande til at Einar Steensnæs trekte sitt kandidatur framfor stortingsvalet i 2005. Det bana i sin tur vegen for at Dagfinn Høybråten vart nominert frå Rogaland.

Påfallande faktafeil

Boka inneheld ein del påfallande faktafeil som vanskeleg let seg bortforklare: Datoen for statssrådsskiftet då Victor D. Norman gjekk av, er feilaktig oppgjeve til 9. mars 2004. Rett dato er 8. mars, på sjølve kvinnedagen.

Pressesektæren til Bill Clinton er skifta kjønn frå kvinne til mann.

Informasjonssjefen ved statsministerens kontor, Øivind Østang, har fått namnet sitt feilskreve. Også andre namn er skrevne feil.

Bjelland, Håvard