– Målet er at kattar som kjem bort skal kunne bli gjenforeint med eigaren. Vi ønskjer å forhindre at kattar blir heimlause, seier seniorrådgivar i Mattilsynet Vigdis Finstad til bt.no.

Etter det Mattilsynet kjenner til, har ingen andre land i verda tilsvarande merkeordning for kattar.

Microchip

Forskrift om merking av katt er no sendt ut på høyring frå Landbruks— og matdepartement med frist 1. desember. Går forslaget gjennom, må alle katteeigarar i landet merke katten med mikrochip med identifikasjonsnummer. Dette nummeret skal gå inn i eit register med informasjon om kven eigaren er.

Dermed kan det bli gjensynsglede. Samstundes kan veterinærstyresmaktene sikrare avlive herrelause dyr.

– Dette er også ein faktor, men ikkje målet med forskrifta, seier Finstad. Ifølgje Mattilsynet brukar fleire distrikt betydelege summar på avliving av kattar som ingen stad høyrer til.

LES OGSÅ:

Kattunger dumpet for å dø

Maks flaks for katten Max

— Neglisjert gruppe

Det finst ingen sikre tal på heimlause kattar, men Dyrebeskyttelsen i Noreg tok hand om meir enn 3000 i 2008. Høyringsnotatet peikar også på at heimlause kattar genererer andre problem, som støy, lukt og smitte.

– Det verkar som mange har ein låg terskel for å skaffe seg katt. Det er ikkje til å underslå at dette er ei neglisjert gruppe blant husdyra våre, seier Finstad.

Mikrochipen skal injiserast under huda på katten av ein veterinær.

Forslaget om ID-merking av katt vart først fremja av ei arbeidsgruppe under Landbruksdepartementet i 1998 – den såkalla kattemeldinga. Den nye forskrifta skal etter planen tre i kraft frå 1. Januar neste år parallelt med den nyleg vedtekne Lov om dyrevelferd.

Dyrs rettsvern styrkes i ny lov

Tar vi godt nok vare på pus?