Eit nyfødt barn bør berre få morsmjølk dei første seks månadane i livet, og helst bli amma heile det første leveåret. Fire veker gamal bør babyen dessutan få tran. Eller d-vitamindråpar, hvis krapylet nektar.

Dette er nokre av hovedkonklusjonane i dei reviderte tilrådingane om spedbarnsernæring frå Sosial— og helsedirektoratet, som vart presenterte for kring hundre helsesøstre, jordmødre, legar og ernæringsfysiologar frå heile fylket i Bergen i går.

— Ei rekke studier viser at fullamma barn som veks normalt, ikkje har behov for tilleggskost det første halvåret, seier stipendiat Gry Hay.

Ho er stipendiat ved Institutt for ernæringsforsking i Oslo, og har vore leiar for arbeidsgruppa som har revidert tilrådingane.

Der heiter det vidare at hvis barnet av ulike årsaker ikkje kan få brystmjølk, bør foreldra velje morsmjølkerstatning framfor kumjølk det første året. Fast føde bør gradvis introduserast for spedbarnet frå seksmånadersalderen, og ved eitt-årsalderen vil det vere naturleg å gå over til familiens kosthald.

Tidlegast i november blir det omstridde EU-direktivet om barnemat innført i Norge, trass i advarslar frå norske ernæringsstyresmakter. Direktivet opnar for at produsentane kan tilsetje langt meir vitaminar og mineral i barnematen, og kritikarane fryktar vitaminforgifting.

— Det ideelle hadde vore eit norsk regelverk, slik at vi kunne tilsette næringsstoff som er nødvendige her i landet. Men eg trur likevel at vi kan leve godt med EU-direktivet, seier Hay.