To og eit halvt år etter at leitemannskap fann indisk-fødde Arve Beheim Karlsen drukna ved elveosen i Sogndal, er det dermed sett sluttstrek for ei av dei mest omtala kriminalsaker i landet dei siste åra.

— Avgjerda i Gulating lagmannsrett er heilt uangripeleg. Det går ikkje an å påkjære, seier høgsterettsadvokat Tor Erling Staff til Bergens Tidende. Han forsvarte den hovudtiltalte ungdommen frå Naustdal.

Rettskraftig

Forsvararane for dei to tiltalte drøfta ei eventuell påkjæring fredag, og begge konkluderer med at eit klagemål ikkje kan føre fram. Frå før er det kjent at påtalemakta ikkje vil prøve å få avgjerda i Gulating lagmannsrett inn for Høgsterett. Heller ikkje statsadvokat Jan Hoel finn noko grunnlag for å påkjære. Dermed er det klart at dommen frå Indre Sogn heradsrett blir rettskraftig. Den hovudtiltalte, ein 19-åring frå Naustdal, fekk tre år bak murane for vald, trugsmål og rasistisk trakassering. Sambygdingen og jamaldringen som stod medtiltalt fekk eitt år, halvparten på vilkår. Dei to kjem i nær framtid til å verte kalla inn for å sone fengselsstraffene.

Ingen vits

— Skulle vi klaga, måtte grunnlaget vore feil i lovbruk eller sakshandsaming. Eg kan ikkje sjå noko grunnlag for det. Det vil vere håplaust å få omgjort vedtaket i lagmannsretten, seier advokat Steffen Branstad til Bergens Tidende. Han har teke over som forsvarar for den medtiltalte, etter at Knut Storberget i haust vart valt inn på Stortinget.

Branstad understrekar likevel at han er skuffa over avgjerda i Gulating.

— Lagmannsretten er i sin fulle rett når dei siler saker. Men eg er overraska over at ei så spesiell sak, til overmål anka av alle partar, blir nekta ført for lagmannsretten, seier Branstad.

— Vi kan vere einige eller ueinige i avgjerda om å nekte saka ført for lagmannsretten. Det overraska meg av fleire grunnar. Men avgjerda er tatt, slik er det berre, kommenterer Staff.

SKUFFET: - Det vitner om feighet og unnfallenhet når lagmannsretten ikke vil at rasismeparagrafen skal bli behandlet av en ny rett, mener Kari Beheim Karlsen.
Arkivfoto