Det meiner sentrale politikarar på Stortinget. Fleire politikarar meiner også at det var heilt naudsynt for Jan Petersen å få utnemnd den sterkt kontroversielle Lindstrøm før rapporten frå Reinås-utvalet vart lagd fram.

— Tvilar sterkt

— Er det heilt i sin orden at utanriksråd Bjarne Lindstrøm nå blir sendt til London som ambassadør, ein av dei mest attraktive ambassadørpostane?

— Eg tvilar sterkt på om han ville kunne bli utnemnt i dag, etter den beinharde kritikken frå Reinås-utvalet mot systemet i UD. Denne kritikken råkar i praksis Lindstrøm, seier Sp-leiar Åslaug Haga til Bergens Tidende.

— Eg må også seie at eg er redd for at det kan verke ganske øydeleggjande på moralen i UD og ytterlegare demotiverande, at den som er den øvste administrative ansvarlege i UD, nær sagt blir belønna med å få ei av dei mest attraktive ambassadørstillingane.

Haga seier at ho med stor interesse har merka seg kva Reinås-utvalet skriv om «autoritær og fryktbasert lederstil, streng regelstyring og begrensninger i informasjonsflyten» i UD. Utvalet skriv også at UD-tilsette har gjeve uttrykk for at «frykt for reaksjoner fra ledelsens side dersom UDs regler ble brutt, hemmet mange medarbeidere under håndteringen av krisen og gjorde dem usikre».

- Verkar ekstra sterkt

— Dette er sterk kost. Reinås-utvalet trengde ikkje skrive dette, ettersom det ligg utanom mandatet. Når utvalet likevel vel å skrive dette, verkar det difor ekstra sterkt.

Utanriksminister Jan Petersen har fått kritikk for at han har utnemnd ny utanriksråd. Haga som sjølv har bakgrunn frå UD har valt ikkje å kritisere han for det.

— Ein kan ikkje på den eine sida forlange at utanriksministeren skal handle og på den andre sida nekte han å gjere nettopp det når skifte av utanriksråd er ein viktig føresetnad for viktige endringar.

— Når det er sagt, stiller eg meg litt spørjande til at han har valt ein person som i alle fall har hatt ei så sterk tilknyting til Høgre ved å ha vore statssekretær for partiet i UD-systemet. Men Sven Erik Svedman vil bli oppfatta som høgremann, og det blir krevjande for han å vise at han ikkje er løpegutt for Jan Petersen, seier Haga.

- Påfallande

— Tradisjonen tilseier at utanriksministeren utnemner ambassadørar utan innblanding frå Stortinget. Men med bakgrunn i forhistoria syns eg det var påfallande at Lindstrøm vart utnemnd til denne ambassadørposten like før Reinås-utvalet la fram rapporten sin. Mange vil nok meine at det stiller spørsmål både ved Jan Petersen og Bjarne Lindstrøm sine vurderingsevner.

Dette seier Frp-formann, Carl I. Hagen, til Bergens Tidende. Han meiner dette føyer seg inn i «rekkja av avgjerder frå Petersen som viser at han har dårleg skjøn».

— Dette er sjølvsagt også statsminister Kjell Magne Bondevik sterkt medansvarleg for. Statsministeren minner nå meir og meir om ein administrerande direktør enn om den drivande politiske leiaren vi kjende han som tidlegare, seier Hagen.

SKEPTISK: Åslaug Haga (Sp) tvilar sterkt på om Bjarne Lindstrøm ville kunne bli utnemnt som ambassadør i London i dag, etter den beinharde kritikken frå Reinås-utvalet mot systemet i UD.

ARKIVFOTO: BERIT ROALD, SCANPIX

SKEPTISK: Åslaug Haga (Sp) tvilar sterkt på om Bjarne Lindstrøm ville kunne bli utnemnt som ambassadør i London i dag, etter den beinharde kritikken frå Reinås-utvalet mot systemet i UD.<p/> ARKIVFOTO: BERIT ROALD, SCANPIX