• Eg har mista det einaste barnet mitt. Og eg kjem ikkje til å gje meg før noko skjer med tryggleiken i Nordsjøen, seier Lisbeth Olgadatter Wathne.

Torsdag var ho invitert av Norsk Hydro ut på Oseberg Øst-plattforma for å sjå staden der sonen Rune Grønningen omkom.— Det var dramatisk, men godt, seier trondheimskvinna. Ho hadde også møte med helse-, miljø- og sikkerheitsleiar Kjell Arne Oppebøen i Norsk Hydro. Wathne er sterkt kritisk til måten Norsk Hydro har behandla henne etter ulykka.

— Etter gravferda bad eg om å få så mykje informasjon som råd. Men Oljedirektoratets granskingsrapport var det ingen som viste meg før Bergens Tidende skreiv om han, seier Wathne. Ho vart også provosert av Hydro-leiingas forsikringar om at HMS-systemet i selskapet er godt.- Det kjendest som å bli spytta i andletet. Eg har mista sonen min og veit godt kva som står i granskingsrapporten. Då kan dei ikkje kome og skryte av HMS-systemet sitt, seier Wathne. Ho har møtt kranførar Knut Brakvatne etter ulykka, og er sikker på at det er elendige arbeidsforhold og leiinga i Norsk Hydro som er skuld i sonens død.

Informasjonssjef Gisle Johanson i Norsk Hydro seier det var ein glipp at mora ikkje vart tilsendt granskingsrapporten. Sjølve ulykka og den harde kritikken i rapporten vil Norsk Hydro fortsatt ikkje seie eit ord om. Innan 8. februar må selskapet gje skriftleg svar til Oljedirektoratet på kva dei vil gjere for å rette opp dei mange feila.- Vi vil svare direktoratet før vi seier noko til andre, seier Johanson. fakta/ulykkesgransking* Norsk Hydro er pålagt av Oljedirektoratet å gå igjennom alle aktivitetar til sjøs etter dødsulykka 24. desember på Oseberg Øst-plattforma.* Selskapet må innan 8. februar gjere greie for korleis dei vil betre forholda på plattforma. Ulykka er fortsatt under politietterforsking.* Det blir stadig fleire uhell og nestenulykker på norsk sokkel. Oljedirektør Gunnar Berge har fleire gonger det siste året kritisert oljeselskapa for å ta for lett på spørsmål om trygt arbeidsmiljø.