Med det meiner Navarsete dei åtvaringane Eivind Reiten har kome med til staten mot å blanda seg bort i kva Hydro skal gjera og ikkje gjera.

Staten er den overlegent største eigaren i Hydro med 44 prosent av aksjane. Konsernsjefen, Eivind Reiten, var fiskeriminister for Senterpartiet i Willoch-regjeringa frå 1983 til 1986. I Syse-regjeringa 1989-90 var han olje— og energiminister.

— Dette finn eg meg ikkje i. Som storeigar må staten kunna ha meiningar om korleis Hydro skal drivast. Eg let meg provosera av ein slik arroganse frå Reiten si side, seier Liv Signe Navarsete.

Fyrste gong

Det var tydeleg harme i røysta til Liv Signe Navarsete då ho sa dette til fylkesårsmøtet i Hordaland Senterparti i går. Etter det Bergens Tidende kjenner til, er det fyrste gong ein leiande Sp-politikar går ope ut mot Hydro-sjef Eivind Reiten på denne måten.

— Det er Reiten si haldning til statleg eigarskap som irriterer meg. Han bed oss halda fingrane frå fatet. Dei har kompetansen, det er greitt. Men når staten har så stor del av aksjane i Hydro, må staten ha ei meining med det. Til dømes at verksemda det gjeld skal ha ein samfunnsnytte ut over det å få pengar i kassen.

— Vi ser at andre som er eigarar i storbedrifter, som til dømes Stein Erik Hagen, meir enn gjerne legg fram sitt syn på korleis ei verksemd skal drivast. Og dei seier det gjerne så alle høyrer på. Kvifor skal ikkje då staten som eigar kunna ha ei meining, og seia frå om det?

— Dette er hard kritikk mot ein tidlegare partikollega. Eller er Eivind Reiten framleis medlem av Senterpartiet?

— Ja, det er han.

- Regjeringa for passiv?

Navarsete, som er frå Indre Sogn, tenkjer særleg på Hydro sitt aluminiumsverk i Årdal. Hydro vil leggja ned delar av aluminiumsproduksjonen når det noverande utsleppsløyvet går ut i 2007. Eit argument som Hydro nyttar, er at det vert altfor dyrt å investera i ny teknologi som oppfyller nye og strengare krav til utslepp.

— Næringsministeren, Odd Eriksen frå Ap, har sagt at han ikkje har tenkt å fortelja Hydro kva dei bør gjera. Tykkjer du det er for passivt frå regjeringa si side?

— Eg vil vera varsam med å kritisera ein regjeringskollega. Men eg meiner at Hydro kunne søkt Statens Forureiningstilsyn om å få forlenga det utsleppsløyvet dei har, slik at vi kunne få litt politisk handlingsrom.

God tone

— Du brenn vel etter å seia frå til Eivind Reiten sjølv om dette?

— Eg snakka med han torsdag kveld under middagen til sentralbanksjefen. Vi har ein god tone. Men han kunne godt ha vore litt meir audmjuk overfor den statlege eigarskapen.

Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om den statlege eigarskapen. Liv Signe Navarsete reknar med at Senterpartiet vil setja sitt merke på det som skal stå i den meldinga.