Det er Fiskeridirektoratet som har tildelt ein forskings— og undervisningskonsesjon til Nordfjord forsøksstasjon AS. Konsesjonen skal nyttast på Seternes i Vågsøy for å prøve ut ein vaksine mot sjukdommen som har ridd oppdrettsnæringa som ei mare dei siste åra.

Både i Nordfjord og Ytre Sogn har det vore store utbrot av sjukdomen. Anlegg som får sjukdomen må slakte ned all fisken. I tillegg blir området anlegget ligg i, bandlagt for månader framover.

Vaksinering mot ILA er omstridd. Kritikarane meiner innføring av eit vaksinasjonsprogram vil vere det same som å innrømme at det er uråd å bekjempe sjukdomen.