PER MARIFJÆREN

— Utspelet er totalt uakseptabelt, tordnar generalsekretær Jan Thompson i Den Norske Turistforening.

— Det bryt med vårt mest grunnleggjande prinsipp, nemleg allemannsretten. Retten til fri ferdsle er både lovfesta og hevdvunnen, seier Thompson.

Friluftsrådenes Landsforbund og Framstegspartiet protesterer også, etter at Telemark Arbeiderblad omtala saka.

Det er «Politisk forum i Fjellregionsamarbeidet», som omfattar politikarar frå Sogn og Fjordane, Buskerud, Hedmark, Telemark og Oppland, som står bak forslaget. Leiar i forumet er Ivar Reinton (Ap) frå Buskerud, som er full av entusiasme over framlegget.

— Denne avgifta må vi få inn i samarbeid med reiselivet lokalt, seier Reinton til Bergens Tidende. - Det kostar å utvikle og halde oppe fellesgode som løyper, turstiar, parkanlegg og badestrender, og det er rimeleg at folk betaler litt.

I ei felles uttale seier forumet at enkeltbedrifter eller næringar ikkje lenger kan betale for å utvikle og halde ved like det som inntil no har vore gratis. Forumet peikar på at liknande ordningar har vore praktisert i Austerrike i mange år.

Reinton ser for seg avgifta som eit lite påslag i prisen på varer eller tenester som reiselivsnæringa allereie tek seg betalt for, som til dømes overnatting.

— Dette går sjølvsagt ikkje på akkord med allemannsretten. Det er jo ikkje snakk om å ta betalt pr. skitur, men å gje eit bidrag til å halde oppe dei fasalitetane turistane brukar, seier han.

Kommunane Hol og Hemsedal prøvde å innføre ei liknande ordning i 2002, men fekk tommelen ned frå dåverande næringsminister Ansgar Gabrielsen. Grunngjevinga var at ein hadde avgifter nok i Noreg.