Seim ber i eit brev til ordførarkollegaene i Odda, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik om ein felles front mot oppdrett i indre deler av Hardangerfjorden.

«Hardangerfjorden er på fleire måtar i ei særstilling, samtlege lakse— og sjøaurebestandane, kanskje med Etneelva som unntak, er sterkt redusert og dels dramatisk små», skriv Seim i brevet.

Hardangerfjorden vart ikkje gjort til ein nasjonal laksefjord då Stortinget vedtok siste del av verneplane for villaksen tidlegare i år. I samband med vedtaket vart også den mellombelse vernesona i indre delar av Hardangerfjorden oppheve. Her har det vore forbod mot oppdrett. Det er det ikkje lenger, og både Bremnes Seashore og Marine Harvest har søkt om å få leggje til saman åtte oppdrettsanlegg i den tidlegare vernesona, ifølgje Hardanger Folkeblad.